Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap, (NGIR), er eit selskap som vart skipa i 1981.

Om NGIR Selskapet er ansvarleg for innsamling og vidare handsaming av alt avfall i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy i Hordaland, samt Solund og Gulen i Sogn og Fjordane. Det er desse kommunane som er eigarar av selskapet.

Avfallet i desse kommunane kjem frå om lag 12.500 hushald, pluss 6.000 hytter.

Selskapet er basert i Kjevikdalen i Lindås, der ein av gjenvinningsstasjonane deira også ligg. Dei to andre stasjonane til NGIR ligg i Litlås i Austrheim og Manger i Radøy.

NGIR har om lag 25 tilsette. Dei er eit miljømedvite selskap som tilbyr avfallsreduksjon, avfallsløysingar og rådgjeving. I tillegg tilbyr selskapet slamtøming og tek imot bilvrak.

Kjelder

NGIR sine nettsider. Artikkelen er dels omsett frå bokmålswikipedia.

Kategori:Skipingar i 1981 Kategori:Næringsliv i Gulen Kategori:Næringsliv i Austrheim Kategori:Fedje kommune Kategori:Masfjorden kommune Kategori:Meland kommune Kategori:Modalen kommune Kategori:Radøy kommune Kategori:Solund kommune