Slaget ved Bloody Creek vart utkjempa 8. desember 1757 under den franske og indianske krigen. Militssoldatar frå Acadia og Mi'kmaq slo ei avdeling av britiske soldatar ved Bloody Creek, som munnar ut i Annapolis River ved dagens Carleton Corner i Nova Scotia. Slaget skjedde same stad som slaget i 1711 under dronning Anne-krigen.

Bakgrunn Etter at franskmennene hadde tapt i Slaget ved Fort Beauséjour og deportasjonen av akadiarane hadde starta i 1755, danna mange akadiarar geriljagrupper i skogane, ofte i lag med dei gamle indianarane Mi'kmaq. Desse gruppene opererte på heile Nova Scotia fram til Ny-Frankrike fall. Den mest kjende av desse geriljakrigarane var Joseph Broussard, òg kjend som Beausoleil. Trass i at dei kontrollerte mange skansar som Halifax, Annapolis Royal og Fort Beausejour, klarte ikkje britane å få fred i regionen.

Den 6. desember dreiv eit arbeidslag som heldt til i Annapolis Royal, å hogge ned ved nær staden der der det første slaget fann stad i 1711. Der vart dei utsett for eit bakhaldsåtak av akadiske og Mi'kmaq styrkar. Ein mann vart drepen og sju andre vart teken til fange. Som følgje av dette vart 130 mann under kaptein Peter Pigou sendt ut for å hente attende fangane.

Slaget

Dei marsjerte til fots langs sørbreidda av Annapolis River og britane vart utsett for våte og kalde forhold før dei gav opp leitinga etter fangane. Dei kryssa ei bru over René Forêt River morgonen den 8. desember då dei vart angripe av Mi'kmaq og akadiarar. Britane heldt stand ei kort stund og leid store tap, mellom anna kaptein Pigou, før dei trekte seg attende til Annapolis Royal.

Etterverknad

Trass i sigeren klarte ikkje Mi'kmaq og akadiarane å følgje opp med eit åtak på Annapolis Royal. Det var derimot mange liknande grupper som heldt fram å angripe dei britiske styrkane i Nova Scotia og som støtta dei franske troppane gjennom krigen. René Forêt River fekk namnet Bloody Creek til ære for slaget.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Battle of Bloody Creek (1757)» frå , den 12. november 2010. oppgav desse kjeldene: s. 400

Sjå òg Omleiringa av Louisbourg i 1758

Bakgrunnsstoff Monument for Slaget ved Bloody Creek (1757)

Kategori:Slag i den franske og indianske krigen Kategori:Britiske slag Kategori:Franske slag Kategori:Konfliktar i Canada Kategori:Konfliktar i 1757