mini|Toøring avbilda oppe til høgre på eit numismatisk postkort frå Noreg. Toøring eller toøre er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1876 til 1972.
Mynten har på adversen hatt monogrammet til myntherren, det vil seie den regjerande monarken, i perioden 1952-57 også med årstal for preginga. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgitt av olavsmerket og med teksten «NORGE».
På reversen hadde mynten først ei 2-tal med bladkrans, sidan ulike variantar av teksten 2 øre før mynten frå 1958 hadde biletet av ein tiur og teksten 2 øre-Norge.
Toøren frå 1968 vart ikkje sett i sirkulasjon, men eit lite antal mynt vart selt i myntsett.
+ Norske toørar Myntherre Metall Vekt Utmynta år Kunstnar/gravør Oskar II bronse 4,00 g 1876-1902 Håkon VII bronse 4,00 g 1906-07, 1908-13, 1921-41, 1946-52, 1953-57 Håkon VII jern 3,48 g 1917-1920 Okkupasjonsmynt jern 3,47 g 1941-1945 Olav V bronse 4,00 g 1958-1972 Øivind Hansen/Per Palle Storm
Kjelder Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3
Bakgrunnsstoff Toøre 1958-1972 med tiur
Kategori:Historisk mynt Kategori:Norske myntar Kategori:Skipingar i 1876 Kategori:Nedleggingar i 1972