Skreosen (eller Skredosen) er ei lita bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Bygda ligg langs Fv355, ved den nordre breidda av Skreevatnet, midt mellom Fyresdal, Dalen og Vrådal. Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Krossli, Austheii og Bandaksli i Tokke og Vråliosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Grunna avstanden til sentrum i Kviteseid går dei fleste skulebarn på skule anten i Fyresdal eller på Dalen.
Kjelder
Kategori:Geografi i Kviteseid Kategori:Bygder i Telemark