Sabri Sarıoğlu () er ein tyrkisk fotballspelar som har spela for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen og for det tyrkiske fotballandslaget.
Sarıoğlu har spelt for Istanbul-klubben Galatasaray i heile karrieren sin, heilt frå aldersbestemte lag. Han debuterte for A-laget som 18-åring i 2002/03-sesongen og har spelt dei fleste ligakampane for klubban sidan 2003/04-sesongen. Han spelte den 100. seriekampen sin for Galatasaray 10. desember 2006, i ein kamp der han òg skåra mål. Han spelar for det meste høgreback for Galatasaray. Han vart seriemeister for Galatasaray i 2006 og 2008.
Sarıoğlu debuterte for Tyrkia sitt A-landslag 7. oktober 2006 i ein kamp mot Ungarn. Han var med i Tyrkia sin tropp til fotball-EM i 2008 der Tyrkia kom til semifinalen. Han spelte der to kampar frå start og to som innbytar.
Kategori:Tyrkiske fotballspelarar Kategori:Galatasaray-spelarar