Brønsle (Bidens) er ei planteslekt i korgplantefamilien som veks over store delar av verda, særleg i tropisk og temperert klima.Bidens. New South Wales Flora Online. National Herbarium, Royal Botanic Garden, Sydney. Dei fleste artane finst i Afrika, Amerika og Polynesia, medan noko færre finst i Europa og Asia.Ganders, F. R., et al. (2000). ITS base sequence phylogeny in Bidens (Asteraceae): Evidence for the continental relatives of Hawaiian and Marquesan Bidens. Systematic Botany 25(1) 122-33. I Noreg veks to artar. Desse er eittårige sumpplantar med motsette blad og ugreina eller greina stengel, oftast om lag snaue. Brungule korger med ei rekkje gulbrune indre korgdekkblad og ei rekkje ytre korgdekkblad som er grøne og står langt ut. Fnokken er to-fire stive broddar med mothakar.

Norske artar i brønsleslekta Flikbrønsle (Bidens tripartita) Nikkebrønsle (Bidens cernua)

Kjelder

Dansk Wikipedia. Svensk Wikipedia. Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Delar av denne artikkelen bygger på «Bidens» frå , den 27. januar 2015.

Kategori:Planteslekter Kategori:Korgplantefamilien Kategori:Takson namngjevne av Carl von Linné