Palmer er eit engelsk mannsnamn og etternamn. Det var opphavleg eit ærefullt tilnamn som viste til ein pilegrim til Jerusalem fordi han ofte bar med seg eit palmeblad på ferda. Etterkvart blei det og teke i bruk som førenamn og stadnamn.
I Noreg er etternamnet Palmer særleg kjend frå teikneserien Fantomet, der kona til Fantomet heiter Sala Palmer, og frå fjernsynsserien Twin Peaks, der Laura Palmer var den myrda hovudpersonen.
Kjende namneberarar Arnold Palmer (1929–2016), golfspelar frå USA Carl Palmer (f. 1950), britisk trommeslagar i Emerson, Lake & Palmer (ELP) Geoffrey Palmer (f. 1942), newzealandsk statsminister John Palmer (f. 1943), kanadisk regissør Lilli Palmer (1914-1986), austerriksk skodespelar Nathaniel Palmer (1799–1877), sjømann og oppdagar frå USA Theodore Sherman Palmer (1868-1955), zoolog frå USA
kategori:pilegrimsferd kategori:mannsnamn kategori:engelske slektsnamn kategori:namn knytte til kristendommen