Ludvika er ein by i Västerbergslagen og sørlege Dalarna ved søraustenden av innsjøen Väsman, 65 km sørvest for Falun. Staden ligg hovudsakleg i Ludvika kommun. Den austre delen ligg i Smedjebackens kommun. Ludvika er centralort i Ludvika kommun. Ludvika har 14 498 innbyggarar (2011) og er den 83. største byen i Sverige.

Ludvika er ein industri- og handelsstad. På staden finst bl.a eit gruvemuseum. Byen er eit handelssentrum og jernbaneknutepunkt

Historie miniatyr|venstre|Ludvika stadshus. miniatyr|Ludvika herrgård.

Ved Ludvika ström lét Gustav Vasa anlegge Ludvika kronobruk kring 1550. Dette var Sveriges første bruk for stangjernsmie i regi av krona. I 1726 vart bruket seld til familien Cedercreutz. Familien Roth, som var dei siste eigarane, utvida bruket med eit sagbruk og eit vasskraftverk. Ludvika bruk la ned produksjonen i 1920.

Ludvika fekk byprivilegium i 1919. I 1981 vart Karin Värmefjord den første kvinnelege politimeistaren i Ludvika og i Sverige.

Stadnamnet Tolkinga av namnet «Ludvika» er langt frå sikker. Namnet er tidlegast belagt i 1539 og var opphavleg ein by i den søre delen av den noverande tettstaden. Byen har sannsynlegvis fått namnet sitt av Lyviken like ved i innsjøen Väsman. Namnet på vika kan vidar i sin tur kanskje koplast til det i kjeldene ubelagde namnet Lydhia på det vassdraget som munnar ut der. Dette namnet er i så fall danna til eit ord som er i slekt med ludd og luden og som viser til takrøyr som veks der. Etter ei anna tolkning skulle forstavinga i namnet på vika istaden komme av det gammalvenske ordet ly som tyder 'le', altså 'levika'.

Den noverande forma Ludvika er truleg ei forfina form frå 1700-talet, kanskje påverka av mannsnamnet Ludvig. Namnet på kyrkja og soknet, Ludvika Ulrika, vart innført i 1752 for å heidre den nye svenske dronninga Lovisa Ulrika.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ludvika» frå , den 25. november 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ludvika kommun Kategori:Smedjebackens kommun Kategori:tettstader i Dalarnas län Kategori:Byar i Sverige