Greplyngslekta (Kalmia eller Loiseleuria) er ei planteslekt i lyngfamilien. Ho har rundt 8 artar. Plantane er eviggrøne buskar som kan vera frå 0,2 til 5 meter høge. Dei fleste artane veks i Nord-Amerika og Cuba. Greplyngartar veks i surt jordsmonn. Nokre artar (K. angustifolia, K. polifolia) trivst i myrområde medan andre (K. ericoides, K. latifolia) veks i tørr sandjord.

Namnet «Kalmia» blei gjeve av Linné til ære for botanikaren Pehr Kalm, som sanka han i Nord-Amerika på midten av 1700-talet.

Norsk art i greplyngslekta Berre ein art frå slekta veks i Noreg: Greplyng (Kalmia procumbens)

Kjelder

Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Svensk Wikipedia. Fransk Wikipedia. Delar av denne artikkelen bygger på «Kalmia» frå , den 16. mars 2015.

Kategori:Planteslekter Kategori:Lyngfamilien