Karl Andreas Larsson Vefring () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vevring i Sunnfjord.

Vefring var fyrst gardbrukar på farsgarden i ein heil del år. I 1867 kjøpte han garden Vassbotn i same soknet og flytta dit.

Vefring representerte Nordre Bergenhus amt på Stortinget i 1865-66, 1871-73 og 1877-79. I den fyrste perioden var han medlem av militærkomiteen, i den andre periodane av kyrkjekomiteen.

Vefring var ordførar frå 1869 til 1900 i den tidlegare Vevring kommune.Ordførarar i Naustdal kommune frå NRK Fylkesleksikon

I 1900 vart han sjuk medan han var på amtstinget. Han la då på heimferd, men døydde på Tingneset, få kilometer frå heimen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Ordførarar i Naustdal Kategori:Folk frå Naustdal