Teige er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 12.

Geografi Teige ligg ved Teigevatn og grensar til Rutle, Teigenes, Bjørnestad og Trøsdalen.

Historie Teige vart skild ut frå Rutle i gammal tid som fire teigar som vart gjevne til Øn kyrkje. Garden låg aude frå 1300-talet, og vart ikkje teken oppatt før utpå 1500-talet. Garden vart delt i to bruk kring 1650, og nabogarden Teigenes vart skilt ut som eigen gard i same perioden. Det ytste bruket vart fråflytt i 1952 og husa der er vekke.

Det har vore drive stampe og sagbruk i Teigeelva.

Namnet Namnet kjem av at området vart skilt ut frå Rutle som fire teigar i gammal tid, og gjeve til Øn kyrkje. I kjeldene er namnet skrive «Theighar» (DN. XII 232 c. 1490), «Theige» (1603), «Theyge» (1608), «Teige» (1667) og «Teige med Teigenes» (1723).

Teige er brukt som stadnamn fleire andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Teige» i 1986.

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune

Kjelder

Vidare lesnad

Bakgrunnsstoff «Teige» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Teige» i matrikkelutkastet av 1950 «Teige» i gardsmatrikkelen for 1886

Kategori:Gardar i Hyllestad