Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) var ein statleg høgskule i Noreg som var verksam frå 1994 til 2016. Han vart del av Nord universitet frå 1. januar 2016.Nytt universitet i Midt- og Nord-Norge
Høgskolen vart etablert 1. august 1994 og hadde i 2006 vel 4 600 studentar og 390 tilsette. Høgskolen var eit resultat av at fire statlege høgskolar i Steinkjer, Levanger, Namsos og Stjørdal vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994.
Høgskolen i Nord-Trøndelag har til mål å vere Noregs leiande miljø innan praksisnær kompetanseutvikling for framtida. Kjerneverdiane til skulen er nærleik, openheit og sjølvstende.
Høgskolen tilbyr vel 100 fag- og profesjonsstudium innan skole, oppvekst, kultur, helse, næring og forvalting. Desse kan takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og einskilte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Etter ei omorganisering i 2007, har Høgskolen fem avdelingar som følgjer: Avdeling for helsefag (Namsos og Levanger) Avdeling for økonomi og leiing (Levanger og Steinkjer) Levanger Avdeling for landbruk og IT (Steinkjer) Avdeling for lærarutdanning () Avdeling for trafikklærarutdanning (Stjørdal)
Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studia, både ved å gje høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter enda studium.
Leiing
+ Rektorar Periode Namn 1994–2000 Asbjørn Folkvord 2000–2003 Knut Ingar Westeren 2003–2007 Ole Meier Kjerkol 2007–2011 Knut Arne Hovdal
+ Direktørar Periode Namn 1994–1999 Tor Frigaard 1999–2001 Søren Fredrik Voie 2002–2009 Torunn Austheim 2009– Beate Aspdal
Sjå òg Studentsamskipnaden i Nord-Trøndelag
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Høgskolen i Nord-Trøndelag (arkivert utgåve, 1. august 2015)
Kategori:Utdanning i Trøndelag Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg Kategori:Steinkjer kommune Kategori:Levanger kommune Kategori:Namsos kommune Kategori:Stjørdal kommune