Striden mellom Brandenburg og Pommern starta på 1100-talet då Markgrevskapet, seinare kurfyrstedømet Brandenburg, var i konflikt med naboområdet Hertugdømet Pommern om grenseområda mellom dei som begge gjorde krav på. Striden dreidde seg òg om statusen til det pommerske hertugdømet, som Brandenburg hevda var eit len, medan Pommern hevda det var ein riksumiddelbarheit. Konflikten enda ofte ut i full krig, og trass i at dei stundom oppnådde suksess, klarte ingen av partane å halde på sigeren over lengre tid fram til Huset Pommern døydde ut i 1637. Brandenburg kunne då ha teke over området, men dette vart hindra av at svenskane erobra Pommern, og konflikten heldt fram mellom Sverige og Brandenburg-Preussen fram til 1815, då Preussen klarte å innlemme Svensk Pommern i provinsen Pommern.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brandenburg–Pomeranian conflict» frå , den 5. desember 2010.

Kategori:Historia til Pommern Kategori:Historia til Brandenburg Kategori:Konfliktar på 1100-talet Kategori:Konfliktar på 1200-talet Kategori:Konfliktar på 1300-talet Kategori:Konfliktar på 1400-talet Kategori:Konfliktar på 1500-talet Kategori:Konfliktar på 1600-talet Kategori:Konfliktar på 1700-talet Kategori:Konfliktar på 1800-talet