Ole Torjeson Lindstøl () var ein norsk lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vegårshei i Aust-Agder. Han var far til Tallak Lindstøl.
Far hans var leiglending på eit bruk i Vegårshei. Sjølv vart han seminarist frå Holt seminar i 1840, og var dei neste ti åra omgangsskulelærar i heimbygda. Han kjøpte i 1850 garden Lindstøl i Søndeled og busette seg der året etter. I Søndeled var han medlem av heradsstyret 1853-1901, ordførar 1859-79. Lindstøl var den fyrste formannen i Søndeled bondevenforening, ein skipnad som stod bak opprettinga av den lokale sparebanken og ei brannkasse. Han var forlikskommissær frå 1856 og formann i sparebanken frå 1870. Under gjennomføringa av skulelova av 1889 var han formann i skulestyret.
Lindstøl var stortingsmann frå 1862 til 1888, heile tida frå Nedenes amt. Han var medlem av budsjettkomiteen 1862-74, jarnbanekomiteen 1872-88, valkomiteen 1872-76 og 1880-88 røysterettskomiteen 1875-76, skattekomiteen 1875-79 og 1882, fullmaktskomiteen 1880-88. Sesjonane frå 1878 til -88 var han medlem av Lagtinget. Han var då medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet. I 1888 avslo han eit tilbod om å gå inn i Sverdrup-regjeringa. Lindstøl deltok i kroningsdeputasjonen til Trondheim i 1873 og var medlem av den kongelege tollkommisjonen 1879-80.
Han døydde på garden sin i Søndeled i 1905.
Kjelde Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Søndeled Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Vegårshei Kategori:Folk frå Risør