Glåmdalen er ei nyare nemning for distriktet kring elva Glåma, særleg nytta om landskapa Odalen og Solør. I vidare tyding blir namnet nytta òg om Østerdalen.
Sju kommunar i Hedmark fylke samarbeider i Glåmdal regionråd som er eit interkommunalt regionrådssamarbeid: Sør-Odal Nord-Odal Kongsvinger Eidskog (medrekna sjølv om det ikkje høyrer til Glåmas nedbørsfelt.) Grue Åsnes Våler
Distriktet har til saman 53 155 innbyggarar (1. juli 2009) og dekker 5 285 kvadratkilometer. Regionsenteret er byen Kongsvinger. Distriktet blir dekt av lokalavisa Glåmdalen som òg dekker Nes i Akershus. Industrinettverket 7sterke er eit samarbeid mellom føretak i området.
Andre inndelingar Prostier under Hamar bispedømme: Solør, Vinger og Odal prosti (alle sju kommunane) Tingrettar under Eidsivating lagdømme: Glåmdal tingrett (Sør-Odal, Nord-Odal, Kongsvinger, Eidskog og Grue) Sør-Østerdal tingrett (Åsnes og Våler blant andre kommunar) Tidlegare futedøme under Hedemarkens amt: Vinger og Odal futedøme (Sør-Odal, Nord-Odal, Eidskog, Vinger og Austmarka sokn i Kongsvinger) Solør futedøme (Grue, Åsnes og Våler, Brandval sokn i Kongsvinger, )
Bakgrunnsstoff Glåmdal regionråd
Kategori:Geografi i Innlandet Kategori:Dalar i Innlandet Kategori:Dalar i Noreg Kategori:Glommavassdraget Kategori:Distrikt i Noreg