Lars Anderssen Humlekjær () var ein gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Torsnes i Østfold.
Faren forpakta gardsbruket Humlekjær. I si tid var han sjølv gardbrukar på bruket, men kjøpte så garden Husvik i same heradet og dreiv dette. Han var i årevis medlem av heradsstyret i Borge og Torsnes, ordførar 1842-59, 1862-69 og 1884-85.
Humlekjær var stortingsmann frå Smaalenenes amt 1854-60. Han var medlem av militærkomiteen både i 1854, 1857, 1858 og 1859-60.
Humlekjær budde dei seinare år på garden Skjelin i Borge, dit dottera var gift. Han døydde der i 1903.
Kjelde Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Folk frå Fredrikstad