mini|Tetragrammet JHVH med fønikisk, arameisk og moderne hebraisk skrift. mini|Tetgragrammet inni ei davidsstjerne i St Anne's Church i Manchester. JHVH (hebraisk יהוה) er Guds eige namn slik det vert openberra i den hebraiske grunnteksten til Bibelen. På moderne norsk svarar namnet til Jahve eller Jehova.

Dei opphavlege hebraiske konsonantane YHWH (JHVH) vert ofte kalla «tetragrammet» ('fire teikn') eller «Namnet» (fordi det er det mest heilage av dei sju namna på Gud i jødedommen). I jødedommen er det absolutt forbod mot å uttale dette namnet utanom i tempelet i Jerusalem, og til og med i tempelet seier tradisjonen at namnet berre skal seies ein gong om året, av øvstepresten på jom kippur (forsoningsdagen). Sidan templet fell i år 70 blei den opphavlege uttaletradisjonen avbroten. Minoriteten samaritanarar, som på lik linje med jødane stammer frå dei gamle israelittane, har og stor respekt for namnet, men ikkje forbod mot å uttala det. Då vokalteikn vart lagt til den gammalhebraiske bibelteksten av masoretane mange hundre år seinare (rundt 800- og 900-talet), var kunnskapen om rett uttale av namnet gått tapt.

Forskjellig uttale av namnet

Jahu/Yahu Uttalen Yāhū er sannsynleggjort gjennom uttalen av samansette personnamn som Ēliyyāhū (Elia) og Zəkharyāhū (Sakarja). Mange av desse namna finst i to utgåver – til dømes Ēliyyāhū ~ Ēliyyā (Elia); Zəkharyāhū ~ Zəkharyā (Sakarja); Yirməyāhū ~ Yirməyā (Jeremia). Det eksisterer manuskript som viser at arameisk-språklege jødar som levde i Nildeltaet i det 4. hundreåret f.Kr. uttalte tetragrammet «IAHU» eller «IAHO».Elephantine Papyrii, The Interpreters Dictionary of the Bible.

mini|Namnet skrive som Jehova med akkusativforma Jehovam i ei omsetjing av Targum, den arameiske versjonen av Tanakh (Gamletestamentet). Jahuah/Yahwah Jāhūah eller Yahwah (med kamés under jod, kubús etter vav og patah-mappik under den siste hé) er, som Jahu, sannsynleggjort av uttala i namn som Ēlijjāhū og Zəkharjāhū. Vokalen a er berre ein glidelyd føre utlyden guttural. I framlyd får ein forma Jəhō-, noko som òg peikar mot forma Jāhūah, ettersom kamés (lang a) naturleg blir forkorta og redusert til ə ved meir enn ei staving frå hovudtrykket. Senkinga av u til o direkte føre guttural (ettersom glidelyden a berre kjem føre guttural i utlyd) stemmer òg med tendensen i hebraisk fonologi. Denne uttalen er òg i samsvar med dialektisk uttale Jāhū (med bortfall av konsonant i utlyd føre glidelyden a oppstod) og den samaritanske forma Jawe med bortfall av den gutturale h og typisk samaritansk forenkling av trippelvokalen aua til awa eller awe – jamfør samaritansk Eluwem ( < Eluim < Elohim).

Adonai/Adonay I klassisk rabbanittisk og karaittisk jødedom les ein ordet som «Adonai» (hebraisk אֲדוֹנָי Ădōnāj – ‘min Herre’) dei fleste stadene der konsonantteksten har JHVH. Det er på denne bakgrunnen dei fleste bibelomsetjingane gjengjev JHVH med «Herren» (eller, meir sjelden, «Gud»). Som ei påminning om denne lesemåten sette masoretane inn hebraiske vokalteikn for Adonai saman med konsonantteikna JHVH. Forma Adonai er òg brukt i det norske minoritetsspråket rommani.

Sjema Uttalen Sjema (arameisk שמא šəmā) tyder rett og slett «Namnet». Denne uttalen er særleg utbreidd i samaritansk religion. Dette må ikkje forvekslast med «sjemá‘» i den hebraiske truvedkjenninga, som tyder «Høyr!» eller «Høyr etter!».

Hasjém Uttalen Hasjém (hebraisk , haššēm) tyder, som Sjema, 'Namnet'. Denne forma blir gjerne brukt i ikkje-liturgisk samanheng av askenasisk-ortodokse jødar.

Jehova/Jehovah Forma Jehova er brukt iallfall frå 1270 (i Pugio fidei av Raymund Martin) og gjennom religiøs litteratur i heile mellomalderen. Kristne renessansehumanistar på 1500-talet gjekk ut frå at vokalteikna under JHVH faktisk høyrde til sjølve namnet. Denne misoppfattinga var opphavet til at hybriduttalen «Jehova» (Jəhōwā) blei så utbreidd. Forma Jehova blei mykje brukt i eldre kristen litteratur, inkludert bibelomsetjingar. Jehovas vitne har namnet sitt frå denne forma.

Jahve/Yahweh «Jahve» (jahwœ̄) er ein vanleg lesemåte blant forskarar, særleg blant teologar og religionsvitarar av ikkje-jødisk bakgrunn. Forma er bygd fyrst og fremst på den samaritanske uttalen Yáwe, ei form som òg kan forklarast som ein dialektisk variant av Jāhūah – jamfør samaritansk Elúwem for Elohim. I seg sjølv er forma Jahve problematisk i bibelsk hebraisk, i og med at ho ikkje følgjer dei vanlege prinsippa for hebraisk fonologi. Det er til dømes svært uvanleg å ha ein uttala h med sjevá naḥ i innlyd. Det er òg dårleg samsvar mellom denne forma og dei utleidde namneformene på Jeho- og -jahu.

Jihve I nyare karaisme blir av og til uttalen Jihəve brukt.

Tyding av namnet I den hebraiske bibelen (Tanákh i den jødiske tradisjonen, Det gamle testamentet i den kristne), finst namnet JHVH første gong i Fyrste mosebok 2:4. Guds namn er henta frå eit verb, den kausative (skapande) forma i imperfektum av det hebraiske verbet ha-wah, 'å bli'. Guds namn tyder derfor 'Han lèt (eller 'får til å') bli'.

Då Moses spurte etter namnet på Gud, fekk han dette svaret: «Eg er den eg er» (hebraisk: אהיה אשר אהיה, uttala ehyeh asher ehyeh.Andre mosebok 3:14 Hayah tyder 'eksisterte' eller 'var' på hebraisk; ehyeh er fyrste person eintal i notid eller framtid (presens eller futurum). Det vert nytta ei rekkje stader i den hebraiske bibelen. Sjølve tetragrammet uttrykkjer tanken om den eine eller suverene guden, skaparen som ikkje er skapt sjølv, og som åleine er fullstendig (uavhengig) i seg sjølv («eg er»). Det kan også uttrykkje tanken om at han heldt fram å gjere seg til den han treng å vere for å gjennomføre sin vilje (å bli). 1913-utgåva av The Catholic Encyclopedia gjev denne tydinga av namnet: «Det passande namnet på Gud i det gamle testamentet; jødane kalla det følgjeleg for det ypparste namnet, det mektige namnet, det einaste namnet, det praktfulle og fryktelege namnet, det skjulte og mystiske namnet, det verkelege namnet, det passande namnet».The Catholic Encyclopedia (1913).

Den hebraiske bibelen si framstilling av JHVH mini|JHVH i ein torárull. JHVH opptrer i den hebraiske bibelen heilt frå skapinga, og det dannar seg eit ganske samansett bilde av det personlege vesenet hans i desse skriftene. Han er omtala som eit andevesen, buande i eit lys utilgjengeleg for menneske, og med enorm vital energi.Jesaja 40:26 JHVH vert heva opp høgt over menneska, fordi han er heilag og rein i absolutt forstand, men likevel gjer han seg tilnærmeleg ved at mennesket blir oppfordra til å søkje han i bønn. «Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han til Moses; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva».Andre mosebok 33:20

I den hebraiske bibelen vert det teika eit bilete av JHVH som alt frå ein kjærleg far og sauehyrde, til ein mektig konge, rettferdig dommar og ein hard eksekutør: «Herren, Herren [JHVH] er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning! Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden» (Andre mosebok 34:6,7). Altså både frykta og elska bibelskribentane JHVH; dei følte seg takksame overfor skaparen sin sin gjevmildskap, såg til han for vern og ofra regelbunde verdifulle ting til han for å sikre seg gunst frå han.

Den kjende historia om dei ti landeplagene i Egypt vanæra dei egyptiske gudane, som viste seg ikkje å vere i stand til å kopiere dei mirakuløse plagane.2. Mosebok 4 og 5 Denne historia illustrerer kor suveren israelittane såg JHVH, og korleis dei tilskreiv han sigrane sine. Eg er Herren [JHVH] din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.»Dei ti bodorda, 2. Mosebok 20:2, 3 Etter utfriinga frå Egypt er det at Lovpakta (Moseloven) vert inngått ved Sinaiberget, med Moses som talsmann for folket og med rennene dyreblod som stadfesting av pakten. Denne handlinga sette israelittane til side som eit heilag folk, og som altså berre skulle tilbe JHVH, «Gud åt deira fedrar.» Det vart svært viktig for dei ikkje å «smitte» tilbedinga av JHVH ved å tilbe andre gudar. Dette var og essensielt for dei seinare jødane, noko ein kan sjå blant anna av forteljinga om Daniels tre vener ved kongens hoff under fangenskapet i Babylon.Daniel 1 og 3 Dette understrekast og i Dei ti bod: «Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren [JHVH] din Gud, er ein brennhuga Gud, [som ikkje vil dela din kjærleik med nokon annan gud».2. Mosebok 20:4,5

JHVH vert og omtalt som «Gud Den Allmektige», og har grenselaus makt eller energi. Han er i stand til å sjå både fram og tilbake i tid ned til minste detalj, og også openberre dette for sine tenarar, noko som kjem til uttrykk i dei mange profetiane i Den hebraiske bibel.Jesaja 46:10,11; Andre Krønikebok 16:9 Dei mest kjende av profetiane er kanskje dei om Messias ('ein som er salva'), som Gud skulle senda for å frelse ikkje berre sitt eige folk, men heile verda.Daniel 9:24,25 Som tydinga av namnet hans viser ('lèt bli'), har JHVH all makt som skal til for å gjennomføre viljen sin, eller for å styre hendingane slik at hans ord vert oppfylt.

Dei kristne greske skriftene si framstilling av JHVH mini|Tetragrammet i ei strålande sol bak Kristus på krossen. Skulptur i Église Saint-Merri i Paris. I Det nye testamente (NT) er JHVH identisk med Faderen, men han omtalast både som Herre og Gud. Han skildrast mykje med dei same eigenskapane som i Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet): opphøgd, kongeleg, allmektig, vis og kjærleg, men og fordømmande.Apostelgjerningane 7:2; 17:24,25; Johannes' openberring 4:11; 21:6–8 Dei første kristne såg Jesus som den lovte Messias, Guds Son – han som oppfyller eller gjennomfører Guds formål: «Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.»Brevet til hebrearane 1:1,2; Evangeliet etter Johannes 1:18 Skriftene om Jesus i NT vert altså føydde til Guds Ord i Den hebraiske bibelen, og kunne i større grad fortelje kven JHVH var, og openberre formålet hans.

I dag ser dei fleste kristne JHVH som ein del av Den heilage treeininga, i eining med Sonen (Jesus Kristus) og den heilage anden. Dei vektlegg ikkje Guds opphavlege eige namn, eller tetragrammet, mykje, og det vert sjeldan nemnt i det daglege kristne liv.

Tetragrammet i Den hebraiske bibelen Guds namn er nemnd 6 828 stader i den hebraiske grunnteksta til Det gamle testamentet. Israelittane og jødane i gamal tid brukte det flittig som namnet på den eine Gud, i kontrast til dei gudane som vart tilbedd av folkeslag rundt dei. Få moderne bibelomsetjingar gjengir det med eit eige namn (Jahve eller Jehova) i dag. I staden set dei inn titlar som «Gud» eller «Herren».

Alle namn i den hebraiske grunnteksta finst berre skrivne i konsonantar, då skriftspråket jo er utan vokalar; den opphavlege uttala av desse kan såleis vera usikker. Likevel følgjer omsetjingane den praksis å gjengi desse namna med innarbeidde former av det opphavlege hebraiske (Josva, Abraham, David). Ofte er dette versjonar av namna som stammer frå gresk via latin, men som likevel vert brukt som ei god nok omsetjing av enkeltpersonane sine namn. Andre løysingar, slik som å bruke titlar eller berre konsonantane («kongen» eller «DVD» i staden for David) ville gjort teksten oppstykka og uforståeleg – ikkje minst med tanke på at det finst tusenvis av forskjellige eigenamn i Den hebraiske bibelen.