Ole Arntzen Lützow () var ein norsk offiser, gardbrukar, embetsmann og stortingsmann fødd i Fredrikstad.

Far til Lützow var offiser. Sjølv var han sekondløytnant 1828-34, men vart då gardbrukar på storgarden Grinder i Grue. Han var både ordførar i Grue og medlem av forlikskommisjonen. I 1845 vart han utnemnd til statsrevisor, busette seg då ved Sagene, som den gongen låg i Aker herad.

Lützow representerte Hedemarkens amt på Stortinget 1839-45. Han var i 1839 medlem og 1842 sekretær i desisjonskomiteen. I 1845 var han sekretær i militærkomiteen, visesekretær i Odelstinget og medlem av den utvida næringskomiteen. Ved stortingsvala 1848, 1851, 1854 hamna han på fyrste eller andre varamannsplass for Akershus amt.

Han døydde i Kristiania i 1871.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Grue Kategori:Folk frå Fredrikstad