Symfoni nr. 6 i F-dur, K. 43, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1767. I følgje Alfred Einstein i 1937-utgåva si av Köchel-katalogen, vart symfonien truleg starta i Wien og gjort ferdig i Olomouc, ein by i Mähren der familien Mozart reiste til då det var koppeepidemi i Wien.Zaslaw, s. 109–112

Symfonien er i fire satsar og er den første Mozart skreiv i tonearten F. Han vart først framført i Brno den 30. desember 1767 Autografen på partituret er i dag bevart i Biblioteka Jagiellońska i Kraków. ISMN M-006-20466-3

Satsar og instrumentering Instrumenteringa for den første framføringa var 2 fløyter; 2 oboar; 2 horn; fagott; strykarar og klaver-continuo. Fløyteen vert nytta i andre sats i staden for oboane. For første gong i ein symfoni nytta Mozart to obligatoriske bratsj-parti.Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 0-253-33487-X), s. 350-351 (2002).

Dette er den første symfonien til Mozart med fire satsar, der han innførte ein menuett og ein trio for første gong, noko som vart vanleg i mange av symfoniane hans sidan. Satsane er: Allegro, 4/4 Andante, 2/4 Menuett og trio, 3/4 Allegro, 6/8

Første framføring Symfonien var ein del av ein konsert arrangert av grev av Schrattenbach, bror til erkebiskopen av Salzburg, som vart halden av Mozart-familienLeopold Mozart, den 11 år gamle Wolfgang Amadeus, og den 15 år gamle Nannerl den 30. desember 1767 på ei kro i Brno.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 6 (Mozart)» frå , den 26. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Zaslaw, Neal: Mozart's Symphonies:Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3 Kenyon, Nicholas: The Pegasus Pocket Guide to Mozart Pegasus Books, New York 2006 ISBN 1-933648-23-6

Bakgrunnsstoff

06 Kategori:Musikk i 1767