mini|Skjematisk framstilling av faunaen, dyrelivet, på ei øy. Fauna viser til dyrelivet som finst i eit avgrensa område og/eller i eit avgrensa geologisk tidsrom. Omgrepet svarer til flora i botanikken. Som «flora» kan «fauna» også brukast om oppslagsverk som gjev eit slikt avgrensa oversyn over dyr. Ordet blei først brukt slik i Fauna Suecica av Carl von Linné i 1747.

Ordet kjem frå den romerske gudinna Fauna, som stod for jord og grøde, og er knytt til guden Faunus og skapningane faunar. Alle desse namna er avleidde av den greske guden Pan.

Sjå òg Pattedyr i Noreg

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fauna» frå , den 17. januar 2011.

Kategori:Zoologi Kategori:Økologisk terminologi