Henrik Mohn Dahl () var ein norsk prest, lærar, forfattar og stortingsmann frå Bergen. Niels Griis Alstrup Dahl var farfar hans. Medlem av Stortingets venstreforening i den fyrste perioden på Stortinget, representere Moderate Venstre i den andre.
Dahl var son til ein prest og gjekk sjølv prestevegen. Han vart student i 1862 og cand. theol. i 1868. 1870-72 var han personalkapellan i Os, slutta då grunna svak helse og drog til Sør-Europa og sanatorieopphald. Då han kom heim til Noreg, tok han til som lærar ved Jakob Sverdrup sin folkehøgskule i Sogndal. Frå 1878 til 1896 var Dahl styrar av skulen. Han gav ut ei lesebok for folkehøgskulen, ei kyrkjehistorie og ei songbok.
Dahl var ordførar i Sogndal 1888-93. Han møtte på Stortinget frå 1. mars 1885 for Nordre Bergenhus amt i eigenskap av 1. varamann for amtet. Dahl møtte då for Knut Kirkhorn og var medlem av kyrkjekomiteen. Han bad seg fri frå stortingsval i 1885, men kom inn på Stortinget i perioden 1889-91 som 5. representant frå amtet. Den perioden var han medlem av justiskomiteen.
Dahl døydde ugift i Sogndal i 1909. Formuen testamenterte han bort til gode formål.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Ordførarar i Sogndal Kategori:Norske prestar Kategori:Norske lærarar Kategori:Politikarar frå Bergen