Passeri er ein underorden av sporvefuglar i den biologiske ordenen Passeriformes. Eit anna namn som nokre gonger er brukt er Oscines, frå latinsk oscen, ein songfugl. Denne gruppa inneheld omtrent 5250 artar i over 1000 slekter. Syrinx er typisk utvikla for å lage ein variert og forseggjort fuglesong.
Ein trur Passeri utvikla seg frå omtrent 50 millionar år sidan i den delen av Gondwana som seinare vart Australia, New Zealand, Ny-Guinea og Antarktis, før dei spreidde seg rundt om i verda.
Andre fuglar har songar til å tiltrekke makar eller halde territorium, men desse er vanlegvis enkle og repeterande, og manglar variasjonen slik som mange Oscine songarar kan gjere.
Det er usemje om vidare gruppering av taksona innanfor Passeri.
Familieoversyn Familienamn og vitskapleg namn. Rekkefølga av familiane og talet på artar er etter AviList v2025:
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Songbird» frå , den 18. januar 2011. Referansar
Bakgrunnsstoff
Oscines Tree of Life web project
Kategori:Sporvefuglar