Ole Reiersson Lilleholt () var ein norsk kontorist, handelsmann, bankmann og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder. Han vart med i Stortingets Venstreforening då denne vart danna. Reier Thorsen Lilleholt var far hans.

Lilleholt var i 1852 kontorist hos lensmannen i Holt og sorenskrivaren i Tvedestrand. Frå 1853 til -61 var han krambudreng i Tvedestrand. Åra 1861-64 var han sjølv handelsmann i byen, medan han 1864-80 var kontorfullmektig. Han var leiar for sparebanken frå 1858 til -65, deretter kasserar i banken til 1900.

Lilleholt var medlem av bystyret i mange år, ordførar 1886-?? Vidare var han forlikskommissær 1871-87. Frå 1880 til 1888 representerte han Nedenes amt på Stortinget. Heile stortingstida var han medlem av budsjettkomiteen.

I desember 1900 var han pasient på Eg asyl i Kristiansand.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Tvedestrand Kategori:Folk frå Tvedestrand