Peder Tobias Eiesland ()Peder (Per) Tobias Eiesland hos geni.com. var ein norsk prest og stortingsmann frå Fjotland i Vest-Agder. På Stortinget representerte han Moderate Venstre 1889-91 og Venstre 1895-1900. Johannes Steen var svigerfar hans.
Eiesland var son til Torborg Lindeland og gardbrukaren Gunnuf Eiesland. Han var omgangsskulehaldar 1858-59 og gjekk deretter på Holt seminar. Etter at han vart seminarist i 1860, dreiv han 1860-61 privatskule for vaksne heime i Fjotland. Etter eit år som skulelærar i Grimstad reiste Eiesland til hovudstaden og var lærar ved ulike skular der, samstundes som han studerte. Han vart student i 1870 og cand. theol. i 1877.
Åra 1879-82 var han hjelpeprest og seinare kapellan ved domkyrkja i Stavanger. Frå 1883 var han stiftskapellan i Bergens stift. I 1886 fekk han stilling som sokneprest i heimbygda Fjotland. Frå 1900 til 1919 var han Voss sin sokneprest.
Eiesland representerte Lister og Mandals amt på Stortinget 1889-91 og 1895-1900. Han var 1889-91 medlem av konstitusjonskomiteen, 1895-97 av vegkomiteen og 1898-1900 av Lagtinget og kyrkjekomiteen. I debatten i Stortinget om røysterett for kvinner i juni 1890 tala han kraftig for å gje også kvinner røysterett.http://virksommeord.uib.no/taler?id=245
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Notar
Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Folk frå Kvinesdal