Hans Wille () var ein norsk prest og stortingsmann frå Våle i Vestfold. Jakob Wille var far hans.

Wille vart student i 1828 og cand. theol. i 1832. Dei neste åra var han lærar i Trondheim, frå 1837 residerande kapellan på Voss. Han var 1844-51 sokneprest i Flesberg, 1851-62 i Sandsvær og frå 1862 i Rygge, eit embete han styrte til han døydde.

Wille var 4. representant frå Buskeruds amt på Stortinget 1857-58. Han var i 1857 sekretær i gasje- og pensjonskomiteen.

Han døydde på prestegarden i Rygge i 1877.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Folk frå Re