Tan Dun () er ein oscarvinnande kinesisk-amerikansk komponist busett i New York. Han er særleg kjend for å ha skrive filmmusikk.

Karriere

Tan Dun vart fødd i Changsha i Hunan-provinsen i Kina. Han voks opp under Kulturrevolusjonen, og hadde ikkje høve til å studera musikk som ung. Han lærte seg likevel å spela fiolin og å arrangera musikk, og blei teken opp ved det gjenopna Sentrale musikkonservatoriet i Beijing som nittenåring.

Dun flytte til New York i 1980-åra og studerte ved Columbia University. Han er etter kvart vorten kjend for å bruka uortodokse instrument i komposisjonane sine; mellom anna har han skrive eit verk der han berre nyttar papir i ulike former til å laga musikk. I eit anna verk nyttar han vasskåler som perkusjon.

Tan Dun har skrive både symfoniar og operaar. Den fyrste operaen hans, Marco Polo, hadde urpremiere i München i 1996. Operaen Peony Pavilion vart urframført i 1998, Tea: A Mirror of Soul i 2002 og The First Emperor i 2006.

Filmmusikk

Tan Dun har m.a. skrive filmmusikken til fylgjande filmar:

Fallen (1998) Snikende tiger, skjult drage (2000) Ying Xiong eller Hero (2002) Ye Yan, eller The Banquet (2006)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tan Dun» frå , den 2. februar 2011.

Bakgrunnsstoff

Tan Dun på imdb.com

kategori:Oscarvinnarar kategori:Kinesiske komponistar kategori:Kinesiske filmmusikkomponistar Kategori:Kinesisk-amerikanarar Kategori:Grammy-vinnarar