The Pentangle var debutalbumet til Pentangle frå 1968 med Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson. Det førte saman den einskilde interessa for folk, jazz, blues, tidlegmusikk og samtidig låtskriving til ein unik stil. Teksten i plateomslaget, skriven av John Peel, seier: «Er det naudsynt å snakke om «blandingar av tradisjonelle folkemusikkformer», «musikalsk nyskaping», «felles utforsking» og slikt som det? Svar 'nei' på seksti ord eller mindre. Spel denne plata for dei du er glad i.»

Då albumet vart spelt inn, var medlemmane i Pentangle alt dyktige musikarar, kvar innan sitt felt, og hadde spelt saman i forskjellige kombinasjonar: Jansch og Renbourn var alt respekterte soloartistar og spelte ofte i lag, mellom anna på albumet Bert And John. McShee hadde sunge på vise- og bluespubar og klubbar og hadde spelt inn musikk i lag med Renbourn på Another Monday. Cox og Thompson var erfarne studiomusikarar og hadde spelt i lag i bandet til Alexis Korner.

Richie Unterberger sa om albumet: «Om det var meir ei folk-jazz-blues-blanding enn det var folkrock, så rocka det unekteleg med ein god rytme, og det vart framført med vokalharmoniar, vokal- og instrumentalsoloar, og ein vågal, uærbødig and som umiddelbart slo an hos rockeorienterte lyttarar. Og rockelyttarane, framfor viselyttarane, utgjorde truleg størstedelen av publikumet til Pentangle. Albumet nådde akkurat ikkje Topp 20 i Storbritannia.»Richie Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock, Backbeat Books, 2003. ISBN 0-87930-743-9

Innhald

Medverkande Pentangle Jacqui McShee – vokal Bert Jansch – akustisk gitar, vokal John Renbourn – akustisk gitar, vokal Danny Thompson – kontrabass Terry Cox – trommer, vokal

Teknisk Produsent: Shel Talmy Design: Osiris (Visions) Ltd. Fotografi: Robert Dowling Notat i omslaget: John Peel

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Pentangle» frå , den 3. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Pentangle-album Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Album produserte av Shel Talmy Kategori:Transatlantic Records-album Kategori:Album spelte inn i IBC Studios