mini| Eurovision Song Contest 1970 (ESC 1970) var den 15. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Rai Congrescentrum i Amsterdam i Nederland. Finalen fann stad laurdag 21. mars. Irland vann konkurransen med songen «All Kinds of Everything», framført på engelsk av musikkgruppa Dana.
Som følgje av at fire land delte fyrsteplassen i 1969 (Storbritannia, Frankrike, Spania og Nederland), vart Nederland valt til vertsland gjennom loddtrekning. Austerrike (som ikkje hadde vore med i 1969), Finland, Noreg, Portugal og Sverige boikotta konkurransen dette året fordi dei ikkje var nøgde med resultatet i 1969 og med avstemmingssystemet.
Dei nederlandske produsentane såg seg nøydde til å utvide programmet ettersom berre tolv land bestemte seg for å reisa til Amsterdam for å delta. Ein hadde difor eit større opningsnummer, og kvart innslag vart introdusert av eit såkalla «postkort», noko som har vorte ein tradisjon sidan.
Bidraga Finale Finalen vart halden den 21. mars 1970 i Rai Congrescentrum. Irland vann konkurransen for fyrste gong. Sveits, Frankrike og Spania kom på ein tredelt 4. plass. Italia, Belgia og Monaco kom på ein tredelt 8. plass.
Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 1. Hearts of Soul «Waterman» Nederlandsk 7 7 2. Henri Dès «Retour» Fransk 4 8 3. Gianni Morandi «Occhi di ragazza» Italiensk 8 5 4. Eva Sršen «Pridi, dala ti bom cvet» Slovensk 11 4 5. Jean Vallée «Viens l'oublier» Fransk 8 5 6. Guy Bonnet «Marie-Blanche» Fransk 4 8 7. Mary Hopkin «Knock, Knock Who's There?» Engelsk 2 26 8. David Alexandre Winter «Je suis tombé du ciel» Fransk 12 0 9. Julio Iglesias «Gwendolyne» Spansk 4 8 10. Dominique Dussault «Marlène» Fransk 8 5 11. Katja Ebstein «Wunder gibt es immer wieder» Tysk 3 12 12. Dana «All Kinds of Everything» Engelsk 1 32
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «ESC 1970» og «ESC 1970» frå og VG.no, den 4. februar 2011.
Kategori:Musikk i 1970 Kategori:Eurovision Song Contest etter år