Junior Eurovision Song Contest (JESC) er ein musikkonkurranse for born mellom 10 og 15 år, basert på Eurovision Song Contest som har blitt arrangert årleg sidan 2003. Den vart fyrst arrangert i Danmark i 2000 under namnet Dansk Melodi Grand Prix Junior. I 2002 vart resten av dei skandinaviske landa med, då gjekk konkurransen under namnet Melodi Grand Prix Junior Nordic, og frå og med 2003 vart konseptet utvida i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen til å omfatte heile Europa og konkurransen fekk frå dette året namnet Junior Eurovision Song Contest.

Teksten må vere på eit av dei nasjonale språka i landet dei bur i. Det finst likevel unntak, som Georgia, som song på eit kunstig språk i 2008, og Nederland, som song på nederlandsk og engelsk i 2009. Songen må vare mellom to minutt og 30 sekundar og to minutt 45 sekundar. Når dei er ferdige med å skrive tekst og melodi, kan dei sende songen til TV-kanalen som har den nasjonale finalen. Sidan 2005 har alle land fått 12 poeng før avstemminga. Avstemminga fungerer på same vis som i Eurovision Song Contest.

I 2006 til 2009 heldt Danmark, Sverige og Noreg igjen ein eigen konkurranse for berre dei nordiske landa, under namnet Melodi Grand Prix Junior Nordic, i protest mot den tøffe behandlinga av borna i den europeiske utgåva. Desse åra blei det dermed kvart år arrangert to europeiske finalar i Melodi Grand Prix for unge: ein for Norden og ein for resten av Europa.

Deltakarar

38 land har delteke minst ein gong i tevlinga. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:

År Land som debuterte i tevlinga 2003 , , , , , , , , ,, , , , , , 2004 , 2005 , 2006 , , 2007 , , , 2010 2012 , , 2013 2014 , , 2015 , 2018 , 2020 2023

Vinnarar År Vertsby Vinnarland Vinnarsong Artist Språk 2003 København «Ti si moja prva ljubav» Dino Jelusić Kroatisk 2004 Lillehammer «Antes muerta que sencilla» María Isabel Spansk 2005 Hasselt «My vmeste» Ksenija Sitnik Russisk 2006 Bucureşti «Vesennij dzjaz» Tolmatsjova-systrene Russisk 2007 Rotterdam «S druzijami» Aljaksej Zjyhalkovitsj Russisk 2008 Limassol «Bzz..» Bzikebi Kunstig 2009 Kyiv «Click Clack» Ralf Mackenbach Nederlandsk, engelsk 2010 Minsk «Mama» Vladimir Arzumanjan Armensk 2011 Jerevan «Candy Music» CANDY Georgisk, engelsk 2012 Amsterdam «Nebo» Anastasija Petryk Ukrainsk, engelsk 2013 Kyiv «The Start» Gaia Cauchi Engelsk 2014 Marsa «Tu primo grande amore» Vincenzo Cantiello Italiensk, engelsk 2015 Sofia «Not My Soul» Destiny Chukunyere Engelsk 2016 Valletta «Mzeo» Mariam Mamadashvili Georgisk 2017 Tbilisi «Wings» Polina Bogusevitsj Russisk, engelsk 2018 Minsk «Anyone I Want to Be» Roksana Węgiel Polsk, engelsk 2019 Gliwice «Superhero» Viki Gabor Polsk, engelsk 2020 Warszawa «J'imagine» Valentina Fransk 2021 Paris «Kami Kami» Maléna Fox Armensk, engelsk 2022 Jerevan «Oh Maman!» Lissandro Fransk, engelsk 2023 Nice «Cœur» Zoé Clauzure Fransk 2024 Madrid «To My Mom» Andria Putkaradze Georgisk 2025 Tbilisi «Ce monde» Lou Deleuze Fransk 2026 Ta’ Qali «Boo!» Naré Armensk

Forholdet mellom Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest Nevena Božović som representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest 2007 og enda på tredjeplass, representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2013 som ein del av trioen Moje 3 og vart den fyrste som deltok i Eurovision Song Contest etter å ha delteke i Junior Eurovision Song Contest. Dei enda på ellevteplass i den fyrste semifinalen. Weronika Bochat som var støttevokalist for polske Marcin Mroziński i Eurovision Song Contest 2010, var òg ein del av KWADro som representerte Polen i Junior Eurovision Song Contest 2004.

Tolmatsjovy-systrene som vann Junior Eurovision Song Contest 2006 for Russland var ein del av opningsnummeret i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2009 i den russiske hovudstaden Moskva. I 2014 representerte dei Russland i Eurovision Song Contest 2014 med songen «Shine». Dei kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen, og enda til slutt på sjuandeplass i finalen.

Michele Perniola og Anita Simoncini som representerte San Marino i Junior Eurovision Song Contest i høvevis 2013 og 2014 (som ein del av gruppa The Peppermints), representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2015 med songen «Chain of Light». Dei enda på sekstandeplass i den andre semifinalen. Anita Simoncini vart også den fyrste artisten til å representere ei nasjon fortlaupande i både Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest.

Molly Sandén som representerte Sverige i Junior Eurovision Song Contest 2006 deltok i Melodifestivalen 2009 og 2012, dei svenske uttakingane til Eurovision Song Contest 2009 og 2012. Malin Reitan som representerte Noreg i Junior Eurovision Song Contest 2005 deltok i Melodi Grand Prix 2012, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Mários Tofí som representerte Kypros i Junior Eurovision Song Contest 2004 enda på andreplass i A Song for Europe, den kypriotiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2006. Dani Fernández som representerte Spania i Junior Eurovision Song Contest 2006 deltok i Destino Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011, som ein del av gutegruppa Auryn.

Sophie Debattista og Daniel Testa, som representerte Malta i Junior Eurovision Song Contest 2006 og Junior Eurovision Song Contest 2008, deltok i den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014. Victoria Petryk, som representerte Ukraina i Junior Eurovision Song Contest 2008, deltok i den ukrainske uttakinga i 2014 og enda på andre plass.

I 1992 var Nadia Hasnaoui kommentator for Norsk rikskringkasting under Eurovision Song Contest 1992. Tolv år seinare, i 2004, var ho programleiar for Junior Eurovision Song Contest på Lillehammer i Noreg saman med Stian Barsnes Simonsen. Ho har òg vore programleiar for Melodi Grand Prix Junior, den norske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest. Under Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest var Hasnaoui kommentator for Norsk rikskringkasting. I 2010 var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Bærum i Noreg saman med Haddy N'jie og Erik Solbakken, og i 2011 og 2012 var ho talsperson for Noreg då røystane vart delt ut.

Ani Lorak som representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2008, og tok del i den ukrainske uttakinga i 2005, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2009 i den ukrainske hovudstaden Kiev saman med Timur Miroshnychenko og Dmytro Borodin. Zlata Ognevitsj som representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2013, og deltok i dei ukrainske uttakingane i 2010 og 2011, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev saman med Timur Miroshnychenko. Poli Genova som representerte Bulgaria i 2011 og 2016, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2015 i Sofia.

Fotnotar

Oppløyst i 2006. Ein del av Serbia og Montenegro før landet vart oppløyst i 2006.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «JESC» frå og «JESC» frå , den 6. februar 2011.

Kategori:Den europeiske kringkastingsunionen Kategori:Europeiske musikktevlingar