«Summertime» er ein arie komponert av George Gershwin for operaen Porgy and Bess frå 1935. Teksten er skriven av DuBose Heyward, forfattaren av romanen Porgy som operaen er basert på. Songen er òg tilskriven Ira Gershwin av ASCAP.

Songen vart raskt populær og er ein mykje innspelt jazzstandard, skildra som «utan tvil... ein av dei finaste songane komponisten nokon skreiv....Gershwin si stemningsfulle blanding av jazz og songstilar frå dei svarte i Sørstatane frå tidleg på 1900-talet.»Skildring av songen av Robert Cummings på Allmusic.com Teksten til Heyward for «Summertime» og «My Man's Gone Now» har vorte kalla «dei beste tekstane i musikalsk teater» av komponisten og tekstforfattaren Stephen Sondheim.A Century of Creativity: DuBose and Dorothy Heyward

Porgy and Bess Gershwin byrja å skrive songen i desember 1933, og prøvde å skape sin eigen negro spiritual i same stil som afroamerikanske folkemusikken frå perioden.Howard Pollack, George Gershwin: his life and work, University of California Press, 2006, s.589William Hyland, George Gershwin: a new biography, Greenwood Publishing Group, 2003, s.171 Den ukrainsk-kanadiske komponisten og songaren Alexis Kochan har foreslått at han baserte melodien på ei ukrainsk voggevise, «Oi Khodyt Son Kolo Vikon», («Ein draum passerer vindauget»), som han høyrde i New York City spelt av Oleksander Koshetz sitt det ukrainske nasjonalkoret i 1929.The Ukrainian Weekly, 24 May 1998, s.9 Gershwin var ferdig med å sette diktet til DuBose Heyward til musikk i februar 1934, og brukte dei 20 neste månadane på å skrive ferdig partituret for orkester for operaen. "Summertime" at JazzStandards.com

Songen vart første gong innspelt av Abbie Mitchell den 19. juli 1935, med George Gershwin på piano og som dirigent av orkesteret (på George Gershwin Conducts Excerpts form Porgy & Bess, Mark 56 667). Songen er songen fleire gonger gjennom Porgy and Bess, først av Clara i Akt I som ei voggevise og sidan som eit kontrapunkt til terningspel-scenen i Akt II i ein reprise av Clara, og i Akt III av Bess, som syng til babyen til Clara.

Musikalsk analyse Musikkforskaren K. J. McElrath skreiv om songen:Gershwin var merkverdig suksessfull i forsøket på å få songen til å høyrast ut som ei folkevise. Dette vert forsterka ved at han brukte den pentatoniske skalaen (C-D-E-G-A) i a-moll og ein langsam harmonisk progresjon som indikerer ein «blues». På grunn av desse faktorane, har denne melodien vorte ein favoritt for jazzartistar i mange tiår og kan gjerast i mange forskjellige tempo og stilar.

Innspelte versjonar Det finst over 40 800 forskjellige innspelte versjonar av songen.Summertime Connection list I september 1936 vart ei innspeling av Billie Holiday den første som gjekk inn på den nasjonale poplista med ein 12. plass om høgaste plassering. Andre kjende innspelingar er av Louis Armstrong og Ella Fitzgerald i 1957, Gene Vincent i 1958, Sam Cooke og The Marcels i 1961 og Janis Joplin med Big Brother and the Holding Company på Cheap Thrills i 1968. Den mest kommersielt suksessrike versjonen var av Billy Stewart, som nådde 10. plass på singellista i USA i 1966. I 1998 spelte Morcheeba og Hubert Laws inn songen for Red Hot Organization si samleplate Red Hot + Rhapsody, ei hyllest til George Gershwin der inntektene gjekk til å auke viten om og kampen mot AIDS.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Summertime (song)» frå , den 8. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff "A Languid Look Back To Gershwin's 'Summertime'", NPR Music The Summertime Connection med ei liste over alle innspelte versjonar

Kategori:Songar frå 1935 Kategori:Voggeviser Kategori:Billie Holiday-songar Kategori:Ella Fitzgerald-songar Kategori:Louis Armstrong-songar Kategori:Nina Simone-songar Kategori:George Gershwin-songar Kategori:Jazzstandardar frå 1930-åra Kategori:Janis Joplin-songar Kategori:The Marcels-songar Kategori:Gerry and the Pacemakers-songar Kategori:Santo & Johnny-songar Kategori:Connie Talbot-songar Kategori:Big Brother and the Holding Company-songar