The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators er eit album frå 1966 av 13th Floor Elevators. Bandet, som brukte element av folk, garage, blues og sjølvsagt psykedelia, er kanskje mest kjend for at dei brukte elektrisk krukke eller jug på albumet, inkludert på den einaste hitten til bandet, «You're Gonna Miss Me». Singelen nådde 55. plass på Billboardlista med «Tried to Hide» som B-side. Ein annan singel frå albumet, «Reverberation (Doubt)», nådde berre 129. plass.
Tittelen på albumet, som kom ut i november 1966, er ein av dei første gongane ordet «psykedelisk» vert nytta i samband med musikk. To andre band gav òg ut plater same månad med dette ordet i tittelen: Blues Magoos sitt Psychedelic Lollipop og The Deep sitt Psychedelic Moods.
I 2004 vart The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators mastra på nytt og gjeve ut på CD av Charly Records. Det inneheldt bonusspor frå ein konsert i 1966 i Avalon Ballroom, ein konsertstad i San Francisco, og begge singlane, «We Sell Soul» og «You're Gonna Miss Me», frå Roky Erikson sitt band frå før 13th Floor Elevators, The Spades.
Albumet er med i boka til Robert Dimery, 1001 Albums You Must Hear Before You Die.Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. .
Innhald
Spor 12-17 er konsertopptak frå The Avalon i San Francisco, september 1966 Spor 18-19 er konsertopptak frå Texas Spor 20-21 var The Spades-singlar gjevne ut i 1965
Medverkande Roky Erickson – vokal, rytmegitar, munnspel Stacy Sutherland – sologitar Tommy Hall – elektrisk krukke Benny Thurman – bass (1, 3) Ronnie Leatherman – bass (2, 4-11) John Ike Walton – trommer, perkusjon
Teknisk Produsert av Lelan Rogers, utanom spor 1 produsert av Gordon Bynum Innspelt og miksa av Bob Sullivan John Cleveland - plateomslag
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Psychedelic Sounds of the 13th Floor Elevators» frå , den 10. februar 2011.
Kategori:The 13th Floor Elevators-album Kategori:Debutalbum frå 1966 Kategori:Radar Records-album Kategori:Charly Records-album Kategori:International Artists-album