thumb| Eurovision Song Contest 1976 (ESC 1976) var den 21. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Congresgebouw i Haag i Nederland. Finalen fann stad laurdag 3. april. Storbritannia vann konkurransen med songen «Save Your Kisses for Me», framført av Brotherhood of Man på engelsk.

Liechtenstein ynskte å delta i Eurovision Song Contest dette året, men fekk ikkje løyve fordi landet ikkje hadde eigen kringkastar. Det liechtensteinske bidraget i konkurransen ville ha vore «My Little Cowboy» av Biggi Bachmann. Malta valde Enzo Guzman og «Sing Your Song, Country Boy» som sitt bidrag for deretter å trekkje seg frå konkurransen av ukjende årsaker.

Det greske bidraget var kontroversielt sidan det handla om Tyrkia sin okkupasjon av Nord-Kypros. Hellas hadde trekt seg frå konkurransen året før nettopp på grunn av denne okkupasjonen. Sverige trekte seg frå konkurransen, av di Sveriges Radio ikkje hadde råd til å arrangere konkurransen om dei skulle vinna to gonger på rad. Det hadde også vore demonstrasjonar i Sverige mot konkurransen. Som følgje av dette blei det seinare introdusert ein regel som krev at alle kringkastarane i vertslandet må vere med og bidra økonomisk til arrangøren av konkurransen.

Bidraga

Finale Finalen blei halden den 3. april 1976 i Congresgebouw. Storbritannia vann konkurransen for tredje gong. Noreg sitt bidrag, Mata Hari av Anne-Karine Strøm kom på sisteplass med sju poeng. Ein funksjonær fekk ikkje med seg dei fire poenga Frankrike gav Jugoslavia under avstemminga. Viss ein reknar desse poenga med, kom Jugoslavia på 17. plass med 10 poeng. Ulike kjelder uttaler seg forskjellig om desse poenga skal reknast med eller ikkje. Dei offisielle EBU-resultata ignorerer dei.

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 1. Brotherhood of Man «Save Your Kisses for Me» Engelsk 1 164 2. Peter, Sue and Marc «Djambo, Djambo» Engelsk 4 91 3. Les Humphries Singers «Sing Sang Song» Tysk 15 12 4. Chocolat, Menta, Mastik «אמור שלום» («Emor Shalom») Hebraisk 6 77 5. Jürgen Marcus «Chansons pour ceux qui s'aiment» Fransk 14 17 6. Pierre Rapsat «Judy et Cie» Fransk 8 68 7. Red Hurley «When» Engelsk 10 54 8. Sandra Reemer «The Party's Over» Engelsk 9 56 9. Anne-Karine Strøm «Mata Hari» Engelsk 18 7 10. Mariza Koch «Παναγιά μου, Παναγιά μου» («Panagia Mou, Panagia Mou») Gresk 13 20 11. Fredi & Friends «Pump-Pump» Engelsk 11 44 12. Braulio «Sobran las palabras» Spansk 16 11 13. Al Bano & Romina Power «We'll Live It All Again» Engelsk, italiensk 7 69 14. Waterloo & Robinson «My Little World» Engelsk 5 80 15. Carlos do Carmo «Uma flor de verde pinho» Portugisisk 12 25 16. Mary Christy «Toi, la musique et moi» Fransk 3 93 17. Catherine Ferry «Un, deux, trois» Fransk 2 147 18. Ambasadori «Ne mogu skriti svoju bol» Serbokroatisk 18 6

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «ESC 1976» og «ESC 1976» frå og VG.no, den 12. februar 2011.

Kategori:Musikk i 1976 Kategori:Eurovision Song Contest etter år