Språk i Eurovision Song Contest gjev oversyn over språk og dialektar som har vorte sunge i Eurovision Song Contest.

Frå 1956 til 1965 kunne ein synge på det språket ein ynskte, men i 1966 vart det innført ein regel om at songane skulle verte sunge på eit av dei offisielle språka i landet ein representerte. Dette var fordi Ingvar Wixell hadde sunge på engelsk for Sverige i 1965.

Regelen varte heilt fram til 1973 då det att vart lov å synge på det språket ein ynskte. Fleire vinnarar på midten av 1970-talet nytta seg av å synge på engelsk, inkludert ABBA som representerte Sverige i 1974. I 1977 vedtok Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at ein ikkje lenger kunne velje språk, men at ein måtte nytte eit av dei offisielle språka i landet ein representerte. Sidan Vest-Tyskland og Belgia allereie hadde vald song før språkregelen vart gjeninnført, fekk dei lov til å synge på engelsk. Songen til Austerrike inneheld òg litt engelsk.

I 1999 vart regelen endra att, slik at ein kunne nytte det språket ein måtte ynskje. Denne endringa førte til at det belgiske bidraget i 2003 vart sungen på eit kunstig språk. I 2006 vart det nederlandske bidraget sungen både på engelsk og eit kunstig språk. Det belgiske bidraget i 2008 vart òg sungen på eit kunstig språk.

Sidan gjenninnføringa av denne regelen har fleire land vald å synge sine songar på fleire ulike språk, ofte engelsk og det offisielle språket i landet. Tidlegare henda det ofte at fleire land, som Kroatia med songen «Don't Ever Cry» i 1993 og Austerrike med songen «One Step» og Bosnia-Hercegovina med songen «Goodbye» i 1997, valde bidrag som vart sungen på eit av dei offisielle språka i landet, men hadde tittel og éin linje av songen på eit anna språk, ofte engelsk.

Landet som har nytta flest språk i éin song er Noreg. Bidraget «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart sungen på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk. I 2012 vart songen «Love Unlimited» av Sofi Marinova, som representere Bulgaria, sungen på elleve språk: bulgarsk, tyrkisk, gresk, spansk, serbokroatisk, fransk, romanés, italiensk, aserbajdsjansk, arabisk og engelsk.

Aserbajdsjan er det einaste landet som enno ikkje har delteke med ein song framført på det offisielle språket i landet, aserbajdsjansk. Fram til 2017 hadde ikkje Kviterussland delteke med ein song på eit av sine offisielle språk, kviterussisk og russisk, men det kviterussiske bidraget i 2017 vart framført på kviterussisk.

Fyrste bruk av språk # Språk År Land Artist Song 01 Nederlandsk 1956 Jetty Paerl «De vogels van Holland» 02 Tysk 1956 Lys Assia «Das alte Karussell» 03 Fransk 1956 Fud Leclerc «Messieurs les noyés de la Seine» 04 Italiensk 1956 Franca Raimondi «Aprite le finestre» 05 Engelsk 1957 Patricia Bredin «All» 06 Dansk 1957 Birthe Wilke og Gustav Winckler «Skibet skal sejle i nat» 07 Spansk 1957 Margot Hielscher «Telefon, Telefon» 08 Svensk 1958 Alice Babs «Lilla stjärna» 09 Luxembourgsk 1960 Camillo Felgen «So laang we's du do bast» 10 Norsk 1960 Nora Brockstedt «Voi Voi» 11 Finsk 1960 Nora Brockstedt «Voi Voi» 12 Serbokroatisk 1961 Ljiljana Petrović «Neke davne zvezde» 13 Portugisisk 1964 António Calvário «Oração» 14 Slovensk 1966 Berta Ambrož «Brez besed» 15 Wienersk 1971 Marianne Mendt «Musik» 16 Maltesisk 1971 Joe Grech «Marija l-Maltija» 17 Irsk 1972 Sandie Jones «Ceol an Ghrá» 18 Hebraisk 1973 Bendik Singers «It's Just a Game» 19 Gresk 1974 Marinella «Krasi, thálassa kai t' agóri mou» 20 Tyrkisk 1975 Semiha Yankı «Seninle Bir Dakika» 21 Arabisk 1980 Samira Bensaïd «Bitakat Hob» 22 Nordsamisk 1980 Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta «Sámiid Ædnan» 23 Islandsk 1986 ICY «Gleðibankinn» 24 Retoromansk 1989 Furbaz «Viver senza tei» 25 Napolitansk-kalabresisk 1991 Peppino di Capri «Comme è ddoce 'o mare» 26 Haitisk 1992 Kali «Monté la riviè» 27 Bosnisk 1993 Fazla «Sva bol svijeta» 28 Kroatisk 1993 Put «Don’t Ever Cry» 29 Korsikansk 1993 Patrick Fiori «Mama Corsica» 30 Estisk 1994 Silvi Vrait «Nagu merelaine» 31 Rumensk 1994 Dan Bittman «Dincolo de nori» 32 Slovakisk 1994 Tublatanka «Nekonečná pieseň» 33 Litauisk 1994 Ovidijus Vyšniauskas «Lopšinė mylimai» 34 Ungarsk 1994 Friderika Bayer «Kinek mondjam el vétkeimet?» 35 Russisk 1994 Youddiph «Vyechniy stranik» 36 Polsk 1994 Edyta Górniak «To nie ja» 37 Gammalgresk 1995 Elína Konstantopoulou «Pia prosefkhí» 38 Høgalemannisk 1996 Georg Nussbaumer «Weil's dr guat got» 39 Bretonsk 1996 Dan Ar Braz «Diwanit Bugale» 40 Makedonsk 1998 Vlado Janevski «Ne zori, zoro» 41 Samogitisk 1999 Aistė Smilgevičiūtė «Strazdas» 42 Sørbairisk 2003 Alf Poier «Weil der Mensch zählt» 43 Kunstig 2003 Urban Trad «Sanomi» 44 Latvisk 2004 Fomins & Kleins «Dziesma par laimi» 45 Katalansk 2004 Marta Roure «Jugarem a estimar-nos» 46 Ukrainsk 2004 Ruslana «Wild Dances» 47 Võro 2004 Neiokõsõ «Tii» 48 Montenegrinsk 2005 No Name «Zauvijek moja» 49 Albansk 2006 Luiz Ejlli «Zjarr e ftohtë» 50 Tahitisk 2006 Séverine Ferrer «La Coco-Dance» 51 Bulgarsk 2007 Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov «Water» 52 Serbisk 2007 Marija Šerifović «Molitva» 53 Tsjekkisk 2007 Kabát «Malá dáma» 54 Franglais 2007 Les Fatals Picards «L'amour à la française» 55 Armensk 2007 Hayko «Anytime You Need» 56 Romanés 2009 Gipsy.cz «Aven Romale» 57 Karelsk 2010 Kuunkuiskaajat «Työlki ellää» 58 Swahili 2011 Stella Mwangi «Haba Haba» 59 Amerikansk teiknspråk 2011 Evelina Sašenko «C'est ma vie» 60 Latin 2012 Rona Nishliu «Suus» 61 Udmurtisk 2012 Buranovskiye Babushki «Party for Everybody» 62 Mühlviertelsk 2012 Trackshittaz «Woki mit deim Popo» 63 Aserbajdsjansk 2012 Sofi Marinova «Love Unlimited» 64 Georgisk 2012 Anri Jokhadze «I'm a Joker» 65 Mirandesisk 2015 Leonor Andrade «Há um mar que nos separa» 66 Pontisk 2016 Argo «Utopian Land» 67 Krimtatarisk 2016 Jamala «1944» 68 Kviterussisk 2017 NAVI «Historyja majho žyccia» 69 Sanskrit 2017 Francesco Gabbani «Occidentali's Karma» 70 Srnan tongo 2021 Jeangu Macrooy «Birth of a New Age»

Eurovision Song Contest på dei nasjonale språka Språk Land der språket har offisiell status Eurovision Song Contest på språket Albansk Festivali Evropian i Këngës Arabisk مسابقة يوروفيجن للأغاني Armensk Եվրատեսիլ երգի մրցույթ Aserbajdsjansk Avroviziya Mahnı Müsabiqəsi Bosnisk Eurovision Song Contest Bulgarsk Песенен конкурс Евровизия Dansk Europæisk Melodi Grand Prix Engelsk Eurovision Song Contest Estisk Eurovisiooni lauluvõistlus Finsk Eurovision laulukilpailu Fransk Concours Eurovision de la Chanson Georgisk ევროვიზიის სიმღერის კონკურსი Gresk Διαγωνισμός Τραγουδιού Eurovision Hebraisk אירוויזיון Islandsk Söngvakeppni evrópskra sjónvarpsstöðva Irsk Comórtas Amhránaíochta na hEoraifíse Italiensk Concordo Eurovision della Canzone Katalansk Festival de la Cançó d'Eurovisió Kroatisk Pjesma Eurovizije Kviterussisk Конкурс песні Еўрабачанне Latvisk Eirovīzijas dziesmu konkurss Litauisk Eurovizijos dainų konkursas Luxembourgsk Eurovision Song Contest Makedonsk Евровизија Maltesisk Festival tal-Eurovision Nederlandsk Eurovisiesongfestival Montenegrinsk Evrovizija Norsk (bokmål) Eurovisjonens musikkonkurranse Polsk Konkurs Piosenki Eurowizji Portugisisk Festival Eurovisão da Canção Rumensk (moldovsk) Concursul Muzical Eurovision Retoromansk Russisk Конкурс песни Евровидение Serbisk Песма Евровизије Slovakisk Veľká cena Eurovízie Slovensk Pesem Evrovizije Spansk Festival de la Canción de Eurovisión Svensk Eurovision Song Contest Tsjekkisk Velká cena Eurovize Tyrkisk Eurovision Şarkı Yarışması Tysk Eurovision Song Contest Ukrainsk Пісенний конкурс Євробачення Ungarsk Eurovíziós Dalfesztivál

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Languages in the ESC» frå , den 14. februar 2011.

Kategori:Eurovision Song Contest