Nikolaj I av Russland () var tsar av Russland og konge av Polen mellom 1825 til han døydde i 1855.

Nikolaj I var kjend for eit despotisk styre og dreiv et stort hemmeleg politi og eit nettverk av spionar. Utanrikspolitisk sett var han sterkt mot revolusjonar. Han tilbydde militær stønad til å slå ned revolusjonar kringom i Europa, og fekk tilnamnet «Europas politimann». I 1830 avskaffa han det polske kongedømet etter ein revolusjon og gjorde Polen til ein russisk provins.

Familie Han var son av Paul I av Russland og Sophie Marie Dorothea av Württemberg. Nikolaj I var yngre bror av Aleksander I av Russland, som han etterfylgde som tsar. Han gifte seg med Charlotte av Preussen (1798-1860). Ho vart som gift kalla Aleksandra Fjodorovna. Charlotte var dotter av Fredrik Wilhelm III av Preussen og Louise av Mecklenburg-Strelitz.

Nikolai og Alexandra fekk desse borna: Alexander II av Russland 1818-1881 Maria 1819-1876 Olga 1822-1892 Alexandra 1825-1844 Konstantin 1827-1892 Nikolai 1831-1891 Mikhail 1832-1909

Kategori:Russiske tsarar Kategori:Huset Holstein-Gottorp-Romanov Kategori:Elefantordenen Kategori:Russarar frå 1800-talet