Karl Ludvig Tørrisen Bugge () var ein norsk sakførar, bankmann og stortingsmann, fødd i Christiania.
Bugge var son til ein skipsbyggjar i Fredrikstad. Han vart student i 1860 og cand. jur. i 1864. Frå 1865 var han sakførar og seinare høgsterettsadvokat i Trondheim. Åra 1874-86 var han direktør for Trondhjems realkreditbank. Deretter var han direktør i Realkreditbanken i Kristiania frå 1886 til 1902. Samstundes praktiserte han 1891-98 som både aktor og forsvarar ved Høgsteretten i hovudstaden. Han skreiv og gav ut fleire avhandlingar om juridiske emne.
Bugge var medlem av formannskapet i Trondheim 1879-83, ordførar 1882. Frå 1883 til 1888 var han stortingsrepresentant for Trondhjem og Levanger. I den fyrste treårsperioden var han medlem av næringskomite nr 2, i den siste av Lagtinget og justiskomite nr 1. Bugge var 1891-95 formann for ein departemental komite vedkomande konkurranselovgjevinga. På Stortinget slutta han seg til Høgre si gruppe då denne vart skipa i 1884.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Høgreordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske advokatar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Frimurarar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Oslo