Midt-Noreg er ei nyare nemning på ein region som i snevraste tyding utgjer fylket Trøndelag, oftast òg inkludert i det minste delar av Møre og Romsdal. Omgrepet er ofte brukt i ei vidare tyding som kan inkludere delar av Nordland (Helgeland) og Hedmark (Nord-Østerdalen). Historisk sett har Midt-Noreg røter i Frostating lagdømme, Nidaros bispedømme og Trondheims len — som alle har hatt Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nordmøre og Romsdal som sitt kjerneområde. I den offentlege forvaltinga frå slutten av 1900-talet av svarar Midt-Noreg med eitt unntak til Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.

Etter at Sør- og Nord-Trøndelag vart slått saman er nemninga Midt-Noreg mindre brukt.

Offentleg forvalting Frostating lagdømme Helse Midt-Noreg (RHF) Arbeidstilsynet Midt-Noreg Skatt Midt-Noreg Statens vegvesen, region midt Utlendingsdirektoratet, regionkontor Midt-Noreg Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Midt-Noreg Kystverket Midt-Noreg Regionale forskningsfond - Midt-Noreg

Unntaket frå regelen er NVE Region Midt, som dekkjer Helgeland, Trøndelag og Nordmøre.

Organisasjonar Kreftforeningen, Seksjon Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal Norges Motorsportforbund, Region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal Operasjon Dagsverk Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal

Trussamfunn Trondheim katolske stift dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal

Næringsliv SpareBank1 Midt-Norge dekkjer Trøndelag og delvis Møre og Romsdal Folkeuniversitetet Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal Folkeakademiet Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og RomsdalFolkeakademiet Midt-Norge TINE Midt-Norge dekkjer Trøndelag, Nordmør og Romsdal, og i tillegg Bindal OIKOS Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal Husbanken, region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og RomsdalHusbanken, region Midt-Norge RIKS — ei samanslutning av 13 breibandsselskap i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.Riks.no AOF Midt-Norge dekkjer Trøndelag, og AOF Møre og Romsdal dekkjer Møre og RomsdalAOF.no

Kjelder

Dahl, Svein Tore: Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1536-1660 : en liste over de forskjellige lensherrer, lagmenn, borgermestre, rådmenn, byfogder, tollere, fogder, sorenskrivere etc som var i funksjon i Midt-Norge i tiden 1536-1660. [Trondheim] : Svein Tore Dahl, 1999.