Giovanni Battista Beccaria () var ein italiensk fysikar, fødd i Mondovì. Han var medlem av den religiøse ordenen til Dei fromme skulane frå 1732, der han studerte, og seinare underviste i, grammatikk og retorikk. Samstundes lærte han seg matematikk.
Han vart professor i eksperimentell fysikk, først ved Universitetet i Palermo, så Universitetet La Sapienza i Roma og fekk deretter ei liknande stilling ved Torino i 1748. Han underviste sidan fyrstesøner av Chablais- og Carignan-ættene, og budde sidan i Torino. I mai 1755 fekk «fellow»-medlemskap i Royal Society i London, og publiserte fleire artiklar om elektrisitet i Philosophical Transactions of the Royal Society.
Beccaria gjorde mykje, både gjennom eksperiment og framstillingar, for å spreie kunnskapen om den elektriske forskinga til Benjamin Franklin og andre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Giovanni Battista Beccaria» frå , den 27. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Italienske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Mondovì