Magne Johansen () i Trondheim er ein norsk tidlegare skihoppar. Han var med på det norske laget som vann VM-sølv i lagkonkurransen i stor bakke i Lahti i 1989. Frå noregsmeisterskapane fekk han med seg fire sølvmedaljar, alle i normalbakken, samt ein bronsemedalje.
Karriere Johansen debuterte i verdscupen i Lahti i mars 1987. Han slo ikkje heilt gjennom i internasjonale renn, ein fjerdeplass i St. Moritz i 1992 var hans beste plassering. Nasjonalt overraska han med å vinne sølvet under NM i normalbakken i 1988, berre overgått av Erik Johnsen. Dei beste sesongane hans var frå 1989 til -92. Under VM i Lahti fekk han ikkje hoppe i nokon av dei individuelle tevlingane, men var med på laget som vann VM-sølvet bak Finland. Clas Brede Bråthen, Ole Gunnar Fidjestøl og Jon Inge Kjørum var dei andre på laget. Beste individuelle VM-plassering var ein 13. plass under skiflygings-VM i Harrachov i 1992, same sesongen vart han nummer 18 i storbakken under OL i Albertville. Johansen var aktiv på toppnivå frå 1987 til 1993. Han tevla for Leknes SK, Meldal IL og Byåsen IL, og var med i treningsgruppa til Trønderhopp.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1987: Nr 14 i Lahti (debut) 1989: Nr 7 i Holmenkollen og i Örnsköldsvik Ski-VM 1989: Sølvmedalje lag i Lahti 1990: Nr 5 i Örnsköldsvik 1992: Nr 4 i St. Moritz 1993: Nr 18 i Oberstdorf
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1987: Sølvmedalje lag i Steinkjer Ski-NM 1988: Sølvmedalje i normalbakken i Skien Ski-NM 1989: Sølvmedalje i normalbakken i Vikersund Ski-NM 1990: Sølvmedalje i normalbakken på Fluberg, bronsemedalje i storbakken i Meldal Ski-NM 1991: Nr 8 i storbakken i Bærum Ski-NM 1992: Sølvmedalje i normalbakken i Molde Ski-NM 1993: Nr 8 i storbakken på Odnes
Han la opp i 1993.
Bakgrunnsstoff
Magne Johansen i olympedia.org
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Vestvågøy