Erik Stein Johnsen () i Oslo er ein norsk, tidlegare skihoppar frå Oslo, som i 1988 vann olympisk sølvmedalje individuelt og bronsemedalje for lag. Han tevla for Romsås Idrettslag.
Karriere Johnsen slo gjennom nasjonalt i 1987 og fekk på tampen av sesongen sin debut i verdscupen under Holmenkollrennet. Sesongen etter debuterte han i den tysk-austerrikske hoppveka, men hamna langt nede på resultatlistene. Men nokså brått, frå slutten av januar 1988 var han jamnt høgt oppe i teten i verdscuprenna. Under vinter-OL 1988 i Calgary vann han sølvmedalje i stor bakke, langt bak vinnaren Matti Nykänen og 0,2 poeng føre bronsemannen Matjaz Debelak. Tidlegare i OL hadde han vorte nr 41 i normalbakkerennet. I lag med Ole Christian Eidhammer, Jon Inge Kjørum og Ole Gunnar Fidjestøl vann Johnsen bronsemedalje i laghoppinga i Calgary-OL. Same året vann Johnsen hopprennet i Holmenkollen. OL-sølvet i 1988 vart kåra til OLs beste norske prestasjon og Johnsen fekk tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Han vart også noregsmeister i normalbakken. I 1989-sesongen vart Johnsen nummer 10 i storbakken under verdsmeisterskapen i Lahti, og fekk med seg ein sølvmedalje frå NM. Johnsen var ein av hopparane som mislukkast etter at V-stilen dominerte skihoppinga frå 1990-sesongen av.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1987: Nr 15 Holmenkollen (debut) 1988: Sølvmedalje i OL i Calgary. To sigrar i verdscupen; Meldal og Holmenkollen, samt ein andreplass (St. Moritz) og to tredjeplassar (begge Lahti) 1988/89: Nr 2 i Thunder Bay
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1987: Nr 7 i storbakke på Odnes Ski-NM 1988: Gullmedalje i normalbakken i Skien Ski-NM 1989: Sølvmedalje i storbakken på Odnes
Han la opp i 1991.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Boksignering med 1980-tallets storhoppere
Bakgrunnsstoff Erik Johnsen i fis-ski.com Erik Johnsen i olympedia.org
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1988 Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo