Karl William Pamp Jenkins () er ein walisisk musikar og komponist.

Det meste av den tidlege karrieren hans var han kjend som jazz og jazz-rock-musikar og spelte mellom anna baryton- og sopransaksofon, klaverinstrument og obo, eit uvanleg instrument i jazz-samanheng. Han vart med i gruppa til jazzartisten Graham Collier og var seinare med på å grunnlegge jazzrockgruppa Nucleus, som vann den første prisen på Montreux Jazz Festival i 1970. Han vart med i Canterbury scene-progrockbandet Soft Machine i 1972 og spelte med dei til dei gav seg i 1984.

I november 1973 spelte Jenkins på konsertframføringa av Mike Oldfield sin Tubular Bells for BBC.

Jenkins har laga mykje musikk for reklame og har to gonger vunne prisar på dette området. Som komponist kom gjennombrotet hans med prosjektet Adiemus. Jenkins har vore dirigent for Adiemus i Japan, Tyskland, Spania, Finland, Nederland og Belgia og i Royal Albert Hall og Battersea Power Station i London. Adiemus: Songs of Sanctuary (1995) toppa den klassiske albumlista i Storbritannia.

Prisar og utmerkingar Jenkins er utnemnd til Doctor of Music ved University of Wales. Han har nemningane fellow og associate ved Royal Academy of Music, der eit rom er kalla opp etter han. Han er også fellow ved Cardiff University (2005), Royal Welsh College of Music & Drama, Trinity College Carmarthen og Swansea Metropolitan University.

Han blei gjeven eit æresdoktorat i musikk ved Universitetet i Leicester, ein Chancellor's Medal ved Universitet i Glamorgan og æresdoktorat som vitjande professor ved Thames Valley University, London College of Music og ATriUM i Cardiff.

Karl Jenkins blei tildelt ein OBE i Den britiske imperieordenen i 2005 og ein CBE i 2010. I 2015 blei han utnemnd til Knight Bachelor, noko som gjer at han kan bruka «sir» før namnet sitt.Metro, 13. juni 2015. Henta 26. juni 2015

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karl Jenkins» frå , den 8. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Biografi på Calyx (Canterbury music website) Karl Jenkins på MySpace Karl Jenkis sin musikk i reklamar på ADmusicDB.com

Kategori:Folk frå Swansea Kategori:Komponistar frå 1900-talet Kategori:Komponistar frå 2000-talet Kategori:Ambient-musikarar Kategori:Britiske jazzmusikarar Kategori:Soft Machine-medlemmar Kategori:Canterbury scene Kategori:Walisiske komponistar Kategori:Commanders of the Order of the British Empire