Andy Summers () er ein engelsk gitarist og låtskrivar mest kjend som medlem av The Police og Eric Burdon & The Animals.
Biografi Tidleg liv Summers vart fødd i Poulton-le-Fylde i Lancashire i England Som ung flytte familien til Bournemouth i Dorset, der han gjekk på Summerbee School og byrja 14 år gammal å spele gitar. 17 år gammal spelte han på lokale klubbar. Som tenåring arbeidde han i ein musikkforretning i Bournemouth som ein ung Robert Fripp ofte vitja.Summers, Andy (2006), One Train Later: A Memoir, New York, N.Y.: Thomas Dunne Sjølv om Summers hovudsakleg lærte seg sjølv å spele gitar, studerte han klassisk gitar på California State University i Northridge i fire år fram til 1973.
Karrieren før The Police Summers byrja karrieren sin som plateartist i 1960-åra som gitarist for R&B-gruppa Zoot Money's Big Roll Band, og den psykedelisk inkarnasjonen Dantalian's Chariot. I 1968 var Summers nokre månader medlem av jazz-fusion-bandet Soft Machine. Han spelte òg inn musikk med Eric Burdon and The Animals (Love Is), og spelte mykje av tida på midten av 70-talet med Jon Lord, Neil Sedaka, Kevin Ayers, Kevin Coyne, David Essex og andre. I 1977 vart han invitert av tidlegare Gong-bassist Mike Howlett til å bli med i bandet Strontium 90 i lag med Sting og Stewart Copeland.
The Police (1977–1983; 2007-2008)
Summer vart internasjonalt kjend som gitarist for The Police (som han først hadde kontakt med i 1977, og var nesten ti år eldre enn resten av bandmedlemmane). Han spelte på store hittar som «Message in a Bottle», «Don't Stand So Close to Me» og «Every Breath You Take». Summers skreiv òg songar for the Police, som «Omegaman» og «Mother». I 1980 vann instrumentalen hans «Behind My Camel» Grammyprisen for beste rockeinstrumental. Sjølv om det var Sting som i hovudsak var vokalisten, song Summers solo på fleire songar, som «Be My Girl Sally», «Friends», «Someone to Talk to» og «Mother».
Etter Police Etter at The Police vart oppløyst i 1984 heldt Summers fram karrieren sin, både som soloartist og i samarbeid med andre musikarar. Han starta òg ein karriere som forfattar og fotograf.
Diskografi Studioalbum
I Advance Masked - 1982 (med Robert Fripp) Bewitched - 1984 (med Robert Fripp) XYZ - 1987 Mysterious Barricades - 1988 The Golden Wire - 1989 Charming Snakes - 1990 World Gone Strange - 1991 Invisible Threads - 1993 (med John Etheridge) Synaesthesia - 1996 The Last Dance of Mr. X - 1997 Strykarar of Desire - 1998 (med Victor Biglione) A Windham Hill Retrospective - 1998 Green Chimneys: The Music of Thelonious Monk - 1999 (med vokal av Sting på songen «'Round Midnight») Peggy's Blue Skylight - 2000 Earth + Sky - 2004 Splendid Brazil - 2005 (med Victor Biglione) First You Build a Cloud - 2007 (med Ben Verdery)
med The Police
Outlandos d'Amour (1978) Reggatta de Blanc (1979) Zenyattà Mondatta (1980) Ghost in the Machine (1981) Synchronicity (1983)
Forskjellige
Love Is - 1968 (med Eric Burdon & The Animals) Matching Head and Feet - 1975 (med Kevin Coyne) Sarabande - 1976 (med Jon Lord) Flashback - 1978 (med Eberhard Schoener) Video Magic - 1978 (med Eberhard Schoener) Video Flashback - 1979 (med Eberhard Schoener) Ataraxis-2007 (med Deeyah)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andy Summers» frå , den 9. mars 2011.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske jazzgitaristar Kategori:The Police Kategori:The Animals Kategori:Soft Machine-medlemmar Kategori:Canterbury scene Kategori:Folk frå Lancashire Kategori:Strontium 90-medlemmar