mini|Henie Onstad Kunstsenter fotografert frå fjorden.
Henie Onstad Kunstsenter er eit biletkunstmuseum på Høvikodden i Bærum kommune sørvest for Oslo, som vart opna av «kunstløpdronninga» Sonja Henie og ektemannen hennar, skipsreiaren Niels Onstad, i 1968. I 1961 gav dei den private samlinga si av samtidskunst, til saman 110 målarstykke, i tillegg til pengar til bygging og drift av museet. Dette var ei gåve for å få skipa Sonja Henies og Niels Onstads Stiftelser, som eig museet og samlingane. Bærum kommune gav samstundes tomta på 140 mål som museet vart bygd på. Dei to donatorane er gravlagde på området.
Henie Onstad kunstsenter er ein viktig arrangør av temporære utstillingar og framsyningar i tillegg til utstillingar av verk frå eiga samling. Kunstsenteret har tre faste utstillingar, kunstinstallasjonen Hymn of Life av den japanske kunstnaren Yayoi Kusama, utstillinga Merz! Flux! Pop! i Sal Merz, og eit eige rom som viser Sonja Henies store samling av premiar etter innsatsen hennar på skeisar. I tillegg presenterer kunstsenteret vanlegvis mellom fire og seks mellombelse utstillingar kvart år.
Det ligg ei populær offentleg badestrand attmed museet.
Kjernesamlinga Opphavleg overtok museet 110 måleri. Sidan den tid har delar av denne samlinga blitt selde, mellom anna alle arbeida av Edvard Munch og ein del kjerneverk av Pierre Bonnard. I dag finn ein mellom anna Pablo Picasso, Juan Gris, Jacques Villon, Pierre Bonnard, Henri Matisse, Fernand Léger, Joan Miró og Nikolas de Staël i samlinga.
I tillegg har ein bygd opp ein permanent utstilling av Kurt Schwitters i Noreg.
Arkitektur I 1964 lyste Sonja Henie og Niels Onstad ut ein arkitektkonkurranse for kunstsenteret. Konkurransen vart vunnen av dei norske arkitektane Jon Eikvar og Svein-Erik Engebretsen, og prosjektet var deira første arkitektoppdrag. Kunstsenteret stod ferdig i 1968 og er utforma for å vere organisk tilpassa landskapet ved Oslofjorden. Bygningen har ein distinkt og uttrykksfull arkitektur, og vekte internasjonal merksemd ved opninga. Arkitekturen nyttar materiale som glas, stein, naturbetong og kopar.
Utstillingar Henie Onstad har fleire skiftande utstillingar kvart år. Dei permanente utstillingane er:
Hymn of Life Hymn of Life er ein spegelbasert installasjon av Yayoi Kusama som publikum kan gå inn i. Verket består av speglar på vegger og golv og pulserande lys som skiftar farge. Installasjonen vart produsert for Kusama si utstilling på Henie Onstad Kunstsenter i 2016. Ho vart innvigd 23. august 2018 i samband med kunstsenteret sitt 50-årsjubileum og inngår i den permanente utstillinga.
Sal Merz Sal Merz opna i 2021 og er vigd den tyske avantgardekunstnaren Kurt Schwitters og hans samtidige og etterfølgjarar. Utstillinga Merz! Flux! Pop! presenterer verk med materiale frå Henie Onstad Kunstsenter sine eigne samlingar og arkiv, mellom anna Fluxus-arbeid og Jean Brown Personal Papers.
Sonja Henie-rommet I 2021 opna ei ny installasjon av Sonja Henie si premiesamling. Utstillinga presenterer Henie sin karriere som kunstløpar og filmskodespelar, frå OL-debuten i 1924 til internasjonale meisterskap og filmroller i Hollywood.
Verkstad I 2026 planlegg Henie Onstad Kunstsenter å opne ein ny verkstad for kreativ aktivitet ved ombygging av delar av anlegget på Høvikodden.
Sal Haaken vart donert av Haaken A. Christensen i 2003. Bygget er planlagt ombygd og opna mot sjøen med ei ny terrasse, og skal romme ulike verkstader for kunstnarisk aktivitet og eit eige drop-in-område. I hovudbygningen er det planar om å etablere ein permanent sal for kunstsenteret si samling.
Prosjektet er fullfinansiert gjennom støtte frå Sparebankstiftelsen DNB, Bærum kommune, Akershus fylkeskommune og Statsbudsjettet. Verkstaden er estimert å opne sommaren 2026.
Tidlegare direktørar mini|Opninga av Henie-Onstad Kunstsenter. Sonja Henie og kong Olav V fremst, kronprinsesse Sonja og Niels Onstad bak. Den første direktøren var Ole Henrik Moe som sat i stillinga i 22 år fram til 1989 og bygde opp kunstsenteret til ein moderne internasjonal institusjon. I perioden 1989 til 1996 var Per Hovdenakk direktør. Den neste direktøren, Stein Slyngstad, sat i stillinga frå 1997 til 2001. Direktør frå 2001, Jan Feldborg, gjennomførte det omstridde salet av eit av hovudverka til Bonnard før den neste direktøren tiltredde i 2005.http://www.nrk.no/nyheter/kultur/4496903.html NRK Salet av Bonnard Frå slutten av 2004 og fram til 2011 var Karin Hellandsjø direktør. Tone Hansen var direktør frå 2011 til 2022,Aftenposten: Direktør for vår tid før Anne Hilde Neset tok over stillinga i 2023.https://www.aftenposten.no/kultur/i/8JBqrW/anne-hilde-neset-blir-ny-direktoer-ved-henie-onstad-kunstsenter
Skulpturparken Rundt museumsbygget har museet plassert ut fleire skulpturar. Den mest kjente er Arnold Haukeland sin statue Solskulptur frå 1970 som er det første ein møter når ein nærmar seg museet frå landsida. Framfor inngangspartiet står i dag statuen Større kropp frå 2003 av Per Inge Bjørlo. Elles er Filipstadbananen frå 1952 av Trygve Fredrksen flytta hit frå Banan-Mathisen sitt bygg på Filipstad i Oslo. Andre skulpturar er laga av Henry Moore, Kai Nielsen, Terry Haas, Eugène Dodeigne og Émile Gilioli.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Henie Onstad Kunstsenter» frå , den 31. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Museum i Akershus Kategori:Skipingar i 1968 Kategori:Byggverk i Bærum Kategori:Museum skipa i 1960-åra Kategori:1968 i Noreg