Fairytale er det andre albumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom først ut i Storbritannia den 22. oktober 1965 på Pye Records. Den amerikanske versjonen av plata kom ut på Hickory Records i november 1965 med litt forskjellige songar. Peter Eden og Geoff Stephens produserte albumet.
Historie På Fairytale utvikla Donovan stilane sine meir mot britisk folkemusikk, særleg på songar som «Summer Day Reflection Song» og «Jersey Thursday». «Sunny Goodge Street» peikar fram mot den jazz-aktige kjensla og skildra av det urbane London som Donovan utforska dei neste åra. Som på det førre albumet What's Bin Did and What's Bin Hid, er det stort sett Donovan på vokal og akustisk gitar på Fairytale. Shawn Phillips spelar ekstra 12-strengs gitar.
For utgjevinga i USA la Hickory Records til ein coverversjon av Buffy Sainte-Marie sin «Universal Soldier» og fjerna coverversjonen av Bert Jansch sin «Oh Deed I Do». Donovan si innspeling av «Universal Soldier» vart gjeven ut som singel i USA i september, og gjorde det godt på listene.
Innhald Originalt britisk album
Amerikansk utgåve
Medverkande Donovan – banjo, gitar, munnspel, vokal Skip Alan (Alan Skipper) – trommer Brian Locking – bass Harold McNair – fløyte Shawn Phillips – gitar, 12-strengsgitar Peter Eden – produsent Terry Kennedy – produsent Ren Grevatt – tekst i omslaget
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fairytale (album)» frå , den 10. mars 2011.
Bakgrunnsstoff Fairytale - Donovan Unofficial Site
Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Donovan-album Kategori:Pye Records-album Kategori:Sanctuary Records-album Kategori:Castle Communications-album Kategori:Sequel Records-album