Fresh Cream er debutalbumet til det britiske rockebandet Cream. Albumet kom ut i Storbritannia den 9. desember 1966, som den første utgjevinga på Reaction Records, som var eigd av produsenten Robert Stigwood. Den britiske utgåva kom ut i både mono og stereo, samstundes med singelen «I Feel Free».

Albumet kom ut i ei litt anna form i januar 1967 på Atco Records i USA. Albumet nådde sjetteplassen på UK Albums Chart og 39. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.

Monoversjonane vart sletta ikkje lenge etter albumet kom ut og i mange år varr det berre stereoinnspelinga som fanst. Den britiske monoversjonen kom ut på CD for første gongen i Japan på Universal Music seint i 2013 som ein del av ei luksusutgåve med SHM-CD og SHM-SACD. I januar 2017 kom albumet ut på ny igjen, på Polydor, i ein boks med fire CD-plater, med både mono- og stereoversjonane av den britiske og amerikanske utgåva av albumet, med singlar og B-sider.ruar 2017|via=Google Books}}</ref>

I 2003 vart albumet rangert på 101. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhald Britisk utgåve All solovokal av Jack Bruce, bortsett frå der anna er nemnd.

Amerikansk utgåve

Svensk utgåve Det var òg ei 12 spor lang utgåve av albumet i Sverige, som var lik den britiske, men med songane «The Coffee Song» og «Wrapping Paper» i tillegg.

Medverkande Eric Clapton - gitar, vokal Jack Bruce - vokal, bass, munnspel, piano, cello Ginger Baker - trommer, perkusjon, vokal

Teknisk Robert Stigwood – produsent John Timperley – lydteknikar

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fresh Cream» frå , den 12. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekstane til Fresh Cream The making of Fresh Cream - frå the Official Ginger Baker Archive

Kategori:Cream-album Kategori:Debutalbum frå 1966 Kategori:Reaction Records-album Kategori:Album produserte av Robert Stigwood Kategori:Atco Records-album 101