Disraeli Gears er det andre albumet til den britiske supergruppa Cream. Det kom ut i november 1967 og nådde femteplassen i Storbritannia.http://www.everyhit.com/index.html Search "Cream" in Name of Artist Det vart òg gjennombrotet deira i Amerika og vart ein massiv bestseljar der i 1968 og nådde fjerdeplassen på albumlista. I Noreg nådde albumet 16. plass på VG-lista. Albumet inneheld to singlar, «Strange Brew» og «Sunshine of Your Love».

Tittelen på albumet var ein intern spøk. Eric Clapton hadde tenkt å kjøpe ein racersykkel og diskuterte det med Ginger Baker, då ein roadie kalla Mick Turner kommenterte «it's got them Disraeli Gears», og meinte å seie «derailleur gears» (kjedegir), men viste i staden til den britiske statsministeren frå 1800-talet Benjamin Disraeli. Bandet syntest det var så morosamt at dei valde dette som tittelen på det neste albumet sitt. Den alternative tittelen var berre rett og slett «Cream».

Albumet vart nymastra i 1998 og så gjeven ut som ei dobbel-disk-utgåve i 2004.

I 2003 vart albumet rangert på 112. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. VH1 kåra det òg til det 87. beste albumet gjennom tidene i 2001.

Bakgrunn Albumet vart spelt inn i Atlantic Studios i New York i mai 1967, etter at bandet hadde spelt ni konsertar for Murray the K sin konsertserie «Music in the 5th Dimension». Det amerikanske selskapet til Cream, ATCO, var eigd av Atlantic Records."First US show for Cream and The Who that most fans don't know about." Songheads. http://songheads.com/?p=93 1 August 2009."Eric Clapton Interview," HOEPLA Television Show, VPRO Television, The Netherlands, http://www.youtube.com/watch?v=dHoU3w-IVL8 28 July 1967.

Innspelingane vart produsert av den framtidige Mountain-bassisten Felix Pappalardi - som var med å skrive songane «Strange Brew» og «World of Pain» med kona Gail Collins - og lydteknikar var Tom Dowd - som seinare skulle arbeide med Clapton på prosjekt som Layla and Other Assorted Love Songs og 461 Ocean Boulevard. Eigaren av Atlantic Records, Ahmet Ertegün, var òg til stades under innspelingane.Clapton: The Autobiography av Eric Clapton

Albumet vart mastra på nytt av Joseph M. Palmaccio i PolyGram Studios og gjeven ut i 1998.

Deluxe-utgåva av albumet inneheld heile albumet i både mono og stereo, samt demoar, alternative opptak og opptak frå BBC radio. Ein finn mellom anna «Blue Condition» med Eric Clapton på solovokal og demoar av songane «Weird of Hermiston» og «The Clearout», som ikkje kom ut før det første soloalbumet til Jack Bruce, Songs for a Tailor.

Det psykedeliske plateomslaget vart laga av den australske kunstnaren Martin Sharp, som budde i same bygning som Clapton ei stund i Chelsea.

Songstilar Med Disraeli Gears gjekk bandet bort frå bluesrøtene og gav seg i veg med ein meir psykedelisk stil. Dei mest bluesaktige songane på albumet er nyinnspelinga av «Outside Woman Blues», Bruce/Brown-songen «Take it Back» og opningssporet «Strange Brew», som var basert på ein 12-taktsblues kalla «Lawdy Mama» med ein Albert King-aktig gitarsolo.

Innhald

Disraeli Gears - deluxe-utgåva (2004) {| | valign=top |

Disk ein (stereo) Originalt album Spor 1-11 Unytta studioopptak «Lawdy Mama» - version 1(Traditional, arr. Clapton) – 2:00 «Blue Condition» - alternate version (Baker) - 3:13 «We're Going Wrong» (Bruce) – 3:49 «Hey Now, Princess» (Bruce, Brown) – 3:31 «SWLABR» (Bruce, Brown) – 4:30 «Weird of Hermiston» (Bruce, Brown) – 3:12 «The Clearout» (Bruce, Brown) – 3:58 | valign=bottom |

Disk to (mono) Originalalbum og unytta studiopptak Spor 1-13 BBC-innspelignar «Strange Brew» (Clapton, Pappalardi, Collins) – 3:00 «Tales of Brave Ulysses» (Clapton, Sharp) – 2:55 «We're Going Wrong» (Bruce) – 3:25 «Born Under a Bad Sign» (Booker T. Jones, William Bell) – 3:03 «Outside Woman Blues» (Reynolds) – 3:18 «Take It Back» (Bruce, Brown) – 2:17 «Politician» (Bruce, Brown) – 3:59 «SWLABR» (Bruce, Brown) – 2:32 «Steppin' Out» (James Bracken) – 3:37

Medverkande Eric Clapton – sologitar, rytmegitar, vokal Jack Bruce – bass, piano, vokal, munnspel Ginger Baker – trommer, perkusjon, vokal

Teknisk Felix Pappalardi – produsent Tom Dowd – lydteknikar Bob Whitaker – fotografi Martin Sharp – plateomslag Jim Marshall – andre fotografi

Salslister

Album Liste (1967)PlasseringFinland (Den finske albumlista)1UK (Top 40 Albums)5Noreg (VG-lista)16

Liste (1968)PlasseringUS Billboard 2004US Cash Box Top 100 Pop Albums Year-End Chart 1Australia (Kent Music Report)1Canada (Top 50 Albums)10

Liste (2010)PlasseringHellas (Top 50 Albums)29

Singlar År Singel Plassering Billboard Hot 100 UK Top 40Juni 1967«Strange Brew»/«Tales of Brave Ulysses»-Nr. 17Oktober 1967«Sunshine of Your Love»/«SWLABR»Nr. 5Nr. 25

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Disraeli Gears» frå , den 12. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Cream, Disraeli Gears (1967) Cream, Disraeli Gears - Deluxe Edition (2004)

Bakgrunnsstoff Disraeli Gears . Those Were the Days. Disraeli Gears. JackBruce.com. Disraeli Gears - Deluxe Edition JackBruce.com. Disraeli Gears - GB Signed Edition Gingerbaker.com.

Kategori:Cream-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Album produserte av Felix Pappalardi Kategori:Reaction Records-album Kategori:Atco Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:RSO Records-album 114 170