Layla and Other Assorted Love Songs er eit bluesrockalbum av Derek and the Dominos som kom ut i november 1970, mest kjend for tittelsporet «Layla». Albumet vert ofte rekna som høgdepunktet i karrieren til Eric Clapton i eit band i lag med Bobby Whitlock på klaverinstrument og vokal, Jim Gordon på trommer, Carl Radle på bass, og gjesteartist Duane Allman på solo- og slidegitar.
Layla and Other Assorted Love Songs nådde 16. plass på den amerikanske albumlista og selde til gullplate."115: Layla and Other Assorted Love Songs." Albumet nådde igjen albumlista i 1972, 1974 og 1977. Det nådde aldri albumlista i Storbritannia.Gambaccini, The Top 100.
I 2000 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2003 kåra VH1 Layla and Other Assorted Love Songs til det 89. beste albumet gjennom tidene, medan Rolling Stone rangerte det på 117. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Bakgrunn Det kortvarige samarbeidet som skapte Layla and Other Assorted Love Songs, Derek and the Dominos, kom som følgje av at Clapton var frustrert med den intensive publisiteten som følgde supergruppene Cream og det kortvarige Blind Faith. Etter desse vart oppløyst, vart Clapton med i Delaney and Bonnie and Friends, som han vart kjend med då dei varma opp for Blind Faith i Storbritannia.
Etter at dette bandet òg vart oppløyst, slo Bobby Whitlock seg saman med Clapton og dei skreiv dei fleste songane i lag for albumet. Etter ein turn med Joe Cocker, slo fleire av medlemmane frå Delaney and Bonnie seg saman med Clapton. Han prøvde å unngå rampelyset med å skjule seg bak det anonyme namnet Derek and the Dominos og la ut på ein turne i Storbritannia der dei spelte på små klubbar. Clapton hadde på denne tida vorte forelska i Pattie Boyd, kona til bestevenen George Harrison. Ikkje ein gong heroin, som Clapton no hadde byrja å bruke, kunne døyve smerta. Resultatet vart dette albumet og songen «Layla». Dave Marsh, i The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll, skreiv at «det er eit par augneblink i rockehistoria der songaren eller låtskrivaren har nådd så djupt inn i seg sjølv at effekten av høyre dei er det same som å vere vitne til eit mord eller sjølvmord ... for meg er 'Layla' den største av desse.»Robbins, "Review."
Under innspelinga av albumet i Miami, vart Clapton invitert på ein konsert med The Allman Brothers. Her møtte han Duane Allman som vart invitert med i studio og etter kvart spelte på albumet.
Innhald
Dei fire sidene vart samla på ein enkelt CD.
Medverkande Eric Clapton - Solo, rytme, slide, og akustisk gitar, solovokal Bobby Whitlock - Orgel, piano, vokal, akustisk gitar Jim Gordon - Trommer, perkusjon, piano Carl Radle - Bass, perkusjon Duane Allman - Slide og sologitar (spor 4 til 14)
Teknisk Tom Dowd – leiande produsent Ron Albert – lydteknikar Chuck Kirkpatrick – lydteknikar Howie Albert – lydteknikar Carl Richardson – lydteknikar Mac Emmerman – lydteknikar Dennis M. Drake – mastering Emile Théodore Frandsen de Schomberg – måler på framsida, «La Fille au Bouquet»
Layla-innspelingane Dan Gellert – assisterande lydteknikar Scott Hull – digital redigering Mitchell Kanner – kunstnarisk leiar George Lebon – kunstnarisk leiar Bill Levenson – produsent Bob Ludwig – mastering Steve Rinkoff – miksing Gene Santoro – notat
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Layla and Other Assorted Love Songs» frå , den 13. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Lengre skildring av det første møtet mellom Clapton og Duane Allman Meldingar
Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Derek and the Dominos-album Kategori:Album produserte av Tom Dowd Kategori:Polydor Records-album Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Atco Records-album Kategori:RSO Records-album 117 226