North Wessex Downs Area of Outstanding Natural Beauty (AONB) ligg i grevskapa Berkshire, Hampshire, Oxfordshire og Wiltshire i England. Namnet North Wessex Downs er ikkje eit tradisjonelt namn, og området er betre kjend under dei overlappande lokale namna, som Berkshire Downs, White Horse Hills, Lambourn Downs, Marlborough Downs, Vale of Pewsey og Savernake Forest.

AONB dekkjer eit område på 1730 km2. Det har form som ein hesteskog og har opning mot aust, og ligg kring byen Newbury og nedslagsfeltet til River Kennet. Den nordlege armen går heilt aust til forstadane til Reading, sentralt i Berkshire, medan den sørlege armen når Basingstoke nord i Hampshire. Lengst vest når AONB Calne og Devizes. Dei høgaste punkta er 297 meter over havet ved toppen av Walbury Hill, sørvest for Hungerford i West Berkshire, nær grensa til Hampshire og Milk Hill-Tan Hill-ryggen aust for Devizes, sentralt i Wiltshire, på 295 meter over havet.

mini|venstre|Sørvestsida av Walbury Hill

Kjelder Denne artikkelen bygger på «North Wessex Downs» frå , den 14. mars 2011.

Bakgrunnsstoff North Wessex Downs Area of Outstanding Natural Beauty

Kategori:Åsar i Hampshire Kategori:Åsar i Oxfordshire Kategori:Åsar i Berkshire Kategori:Åsar i Wiltshire Kategori:Areas of Outstanding Natural Beauty i England Kategori:Verneområde i Hampshire Kategori:Verneområde i Oxfordshire Kategori:Verneområde i Berkshire Kategori:Verneområde i Wiltshire