Cole Mitchell Sprouse () er ein amerikansk skodespelar. Han er den yngre tvillingbroren til Dylan Sprouse.

Sprouse er kjend for rolla si som Cody Martin i tv-serien The Suite Life of Zack & Cody på Disney Channel og den avleidde The Suite Life on Deck. I 2017 spelte han Jughead Jones i serien Riverdale på The CW.

Bakgrunn Sprouse blei fødd i Arezzo i Toscana, der dei amerikanske foreldra Matthew Sprouse og Melanie Wright var lærarar ved ein engelskspråkleg skule. Cole blei fødd 15 minutt etter tvillingbroren Dylan. Cole blei kalla opp etter jazzsongaren og pianisten Nat King Cole. Fire månader etter fødselen flytta familien til foreldra sin heimstad i Long Beach i California.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cole Sprouse» frå , den 5. februar 2019.

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå Toscana Kategori:Italiensk-amerikanarar