«Up from the Skies» er ein song av Jimi Hendrix, spelt inn av The Jimi Hendrix Experience for albumet Axis: Bold as Love frå 1967. Songen omhandlar utanomjordisk liv som kjem til jorda og er uroa over øydelegginga menneska som lever der har gjort. Han vart gjeven ut som den einaste singelen frå Axis: Bold as Love, berre i USA og Frankrike, og nådde 82. plass i USA.

Bakgrunn og stil «Up from the Skies» vart spelt inn 29. oktober 1967, den siste innspelingsdagen for albumet, i Olympic Sound Studios i London. Matthew Greenwald frå allmusic har skildra songen som «Musikalsk ein frisk, jazz-basert song, og ganske annleis noko på debutalbumet.»

Mottaking Trass i at singelen var langt mindre kommersiell enn dei førre singlane, vart «Up from the Skies» generelt godt motteken. Rolling Stone-kritikar Parke Puterbaugh meinte at songen var ein effektiv opningssong.

Medverkande Jimi Hendrix – vokal, gitar Noel Redding – bass Mitch Mitchell – trommer

Andre versjonar «Up from the Skies» er spelt inn av mange andre artistar, hovudsakleg på hyllestalbum. Av artistar som har spela songen finn ein Sting, Ellen McIlwaine, Joan Jett and The Blackhearts, Rickie Lee Jones og The Hamsters.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Up from the Skies» frå , den 15. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jimi Hendrix-songar Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Sting-songar Kategori:Songar frå 1967