Den autonome regionen Tibet (TAR) er ein region i Folkerepublikken Kina, skipa i 1965. Området er omstritt, ettersom Kina og India ikkje er samde om kvar grensene for regionen går. I tillegg kjempar mange tibetanarar, leidde av den fjortande Dalai Lama for sjølvstende for Tibet etter dei historiske grensene. Desse omfattar mykje av Qinghai, delar av Gansu, den vestlege halvdelen av Sichuan og det nordvestlege Yunnan i tillegg til regionen Tibet. Store Norske Leksikon om Tibet.
mini|venstre|Den største innsjøen i Tibet, Namtso-sjøen i Lhasa prefektur. Geografi Den autonome regionen Tibet grensar til Xinjiang i nord, Qinghai i nordaust, Yunnan og Sichuan i aust, India i vest og sør, Nepal og Bhutan i sør og Myanmar i søraust. Hovudstaden er Lhasa, både etter tibetansk og kinesisk syn.
Regionen omfattar eit område på km2 og har om lag 3,7 millionar innbyggjarar. Han har med det lågast folketal av alle dei kinesiske provinsane og regionane. Mykje av grunnen til dette er barskt og ulendt terreng; då regionen har ei gjennomsnittshøgd på 4000 moh. Styreleiar for regionen er Padma Choling.
Administrasjon mini|venstre|250px|Prefektura i Kina. Omstridde område er merkt med blått. Regionen er inndelt i 7 prefektureiningar: Ngari Nagqu Qamdo Xigazê Lhasa Shannan Nyingchi
Desse sju er inndelt i til saman 73 fylke, og fylka er inndelt i til saman 692 kommunar; anten bykommunar, kommunar, etniske kommunar eller subdistrikt.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Den autonome region Tibet» frå , og «Tibet Autonomous Region» frå den 16. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tibet Kategori:Omstridde område i Kina Kategori:Autonome regionar i Kina